Masfjorden SK
Masfjorden SKU
 
 
Gunnar Halvorsens Minneturnering
Masfjorden NVGP 2006
 

Masfjorden Sjakklubb vart stifta i 1978. Vi markerer 30-årsjubiléet m.a. med ei Grand Prix-turnering 25. - 27. januar 2008.
 
Interesserte kan lesa eit tilbakeblikk på klubben si historie ved å klikka linken:
Masfjorden SKU -"Historikk"


Resultat





Jubileumsturneringa i Masfjorden er ferdigspelt og vi har fått fordelt premiane. I gruppe A vart det favorittsiger til Kjetil Stokke 5/5 (Bergens)  med Katrine Tjølsen 4/5 (Bergens) og Arn-Tore Haugsdal 3,5/5 (Masfjorden) på dei neste plassane. Gruppa hadde 16 spelarar



Frå venstre:
Katrine Tjøsen, Kjetil Stokke og Arn-Tore Haugsdal
(Foto: Arne Tjølsen)
 
   
  I gruppe B sigra Vidar Edvardsen (Stavanger) med 5 av 5 poeng.
Det vart 5-delt andreplass. Av desse var det Daniel K. Sandvik 3,5/5 (Bergens) som hadde best kvalitet. Jørgen Hoel (Bergens) fekk tredjeplassen, Leif Sigurd Larsen (Stord) kom på fjerde, Morten Grimen (Fana) femte og Anita Bratbak (Bergens) sjetteplass.


Frå venstre:
Daniel K. Sandvik, Anita Bratbak, Morten Grimen,
Leif Sigurd Larsen og Jørgen Hoel.
Vidar Edvardsen var ikkje tilstede ved premieutdelinga.
(Foto: Arne Tjølsen)
   
Masfjorden sjakklubb ynskjer å takka alle som har bidratt til at dette vart ei fin sjakkhelg for både spelarar, tilskodare og funksjonærar.