08.12.11 Vestlandsserien
Klubben stiller som vanleg lag i Vestlandsserien. Etter to rundar toppar laget vårt 2. divisjon nord. Lagkaptein Odd har sendt ut denne oppsummeringa av kampen mot Bergens 4 i andre runde;

Då er 2. runde i VL avvikla, og vi er godt i rute med 4 poeng og aleine i tet så langt.

Helge debuterte for oss og vann greitt etter eit kongeangrep der han etter litt slit til slutt fann eit avgjerande springeroffer på f5.

Arn-Tore spelte som vanleg opp ei komplisert stilling og nærma seg (som vanleg..) tidsnød då han skinnofra på b2 og kom ut i ei uklar stilling der han kanskje ikkje fann dei beste trekka.. I alle fall var stillinga litt seinare heilt tapt i det motstandar kunne gje ein tårnsjakk på f8 ogfå ny dame. Men under over alle under: kvitspelaren spelte Th8 og forærte vår mann partiet: Men- Arn-Tore er Arn-Tore, så han forvissa seg først om at laget ville vinne matchen og tilbød remis.

På 3. bord spelte Kjetil opp ei god stilling, men gjorde nokre dårlege val i midtspelet og tapte.

Sigve fekk ein kort dag på jobben og vann suverent og kjapt med svart i ein sicilianar. Han har flotte 2 av 2!

Då ser vi fram mot 3. runde i januar og seier oss godt nøgd med innsatsen så langt.

Odd.


01.12.11 Sjakk i lokalavisene
Begge lokalavisene våre, Strilen og Nordhordland har i dag artiklar om NM for ungdom. Strilen har også brukt siste sida i papirutgåva torsdag 1.12 på denne saka. I tillegg har Masfjorden kommune saka på sine heimesider.

 

Odd og Tore-Inge målte krefter med spelarar frå heile verda, turneringa vart arrangert i Kroatia. Begge spelte seg til 3.5 poeng på dei elleve rundane, dei møtte stort sett motstandarar som var høgare rangert.



Kjetil H. Andås og Sigve B. Hølleland spelte i helga NM for ungdom i Oslo. Kjetil spelte seg til femteplass med 5 av 7 poeng i klasse C, etter tap i siste runde mot sterke Kristian Stuvik Holm (2285) som vann klassen. Sigve tok sjuandeplass med 4.5 av 7 i klasse B og ratingframgang på 153.

Resultatlistene finn de her.


Kjetil

 


Kjetil H. Andås og Sigve B. Hølleland spelar i helga NM for ungdom i Oslo. Kjetil har 4 av 5 poeng i klasse C og Sigve høg prestasjon og 3 av 5 i klasse B. Dei to siste spennande rundane vert spelt sundag frå 09.30.
Resultatlistene vert ofte oppdatert her.


Sigve

Sotra sjakklubb arrangerer lørdag 29. oktober hurtigsjakkturneringa Bronstein Cup. Meir info og påmelding finn de her.


62 spelarar fant vegen til Sardinen og NM i Cafesjakk fredag kveld. Best av våre vart Olav Otterlei som enda på 12. plass med 4 av 6 poeng. Odd fekk 2,5 poeng, Evy og Lisbeth 1 poeng kvar og enda med det på nedre del av tabellen.

Kjetil avslutta Bergen Sommer NVGP med 1,5 poeng på dei tre siste rundane. Dette gav 3,5 poeng og ein sterk 7. plass i turneringa. Sigve enda med 2,5 poeng og Anita med 2 poeng.

Kjetil, Sigve og Anita deltek i årets Bergen Sommer NVGP. Etter 3 runder står Kjetil med 2, Sigve 1.5 og Anita 1 poeng, 4. runde går i dag klokka 16.00.
Resultatlister finn du her.


19.07.11 Bergen Sommar Grand Prix og NM i Cafesjakk

Første veka i august arrangerer Sotra SK den tradisjonelle Bergen Sommar Grand Prix i Nordnes bydelshus. Dette er sesongs først GP turnering, og i skrivande stund er det 20 deltakarar frå 9 ulike klubbar påmeldt. Turneringa er delt i to grupper med ratingskille på 1500, og har eit garantert premiefond på kr 10.500,-

Fredag 5. august arrangerer Bergens Schakklubb NM i Cafesjakk. Spelestad er som vanleg Sardinen på Nordnes.
12.07.11 Rapport frå Landsturneringa 2011

Landsturneringa(NM) gjekk i år i Njårdhallen i Oslo. Arrangementsteknisk var det eit par ting å setje fingeren på: Klimaanlegget i den litt slitne idrettshallen fungerte svært dårleg, og det var ganske mykje å utsetje på nettsidene- kfr. heimesida til Bergens Schakklub.

Masfjorden Sjakklubb hadde med 7 spelarar i år, og desse leverte mange fine prestasjonar.

Høgst ragar Kjetil Andås(1293) sin innsats: I ein knallsterk kadettklasse med 28 deltakarar endte han til slutt på ein strålande 4.plass med 6 poeng, best kvalitet i klassen og nest beste ratingprestasjon på 1790. Dessutan hadde han størst ratingframgang(rundt 360) av samtlege rundt 500 NM-deltakarar. Dette var nok Kjetil sitt definitive gjennombrot som sjakkspelar- ei utvikling som klubb og trenar har venta ville komme snart. 


Sigve Hølleland(1396) vart nr.21 i same klasse med  4p. og ein liten ratingauke, også ein bra prestasjon.
(Kjetil Andås) 

 Yngve Rasdal(1447) debuterte  i klasse 2 etter sigeren i klasse 3 i fjor og var ein av dei lågast rata. Plasseringa vart 50/62 og ein ratingframgang på rundt 20 poeng. I klasse 3 hamna Lisbeth Haugsvær(1446) og Odd Helge Birkestrand(1427) på premieplassane 11 og 16 av 70 deltakarar med 6 og 5.5p., begge med litt ratingauke. Andreas Aasgard Tveranger (813) fekk 3.5p. i klasse 5, og Tore Inge Bratteteig(1387) tok 2.5p. i klasse senior med ein ratingframgang på rundt 20 poeng.

I NM i lynsjakk fredag kveld fekk Masfjorden 2 gode plasseringar:  Yngve Rasdal tok ein sterk pallplass med sølv  i klasse 3 med rundt 50 deltakarar, og Odd Birkestrand(1839) fekk   5.premie i ein sterk klasse senior med 24 spelarar.

 

22.01.11 Grasrotandelen

Du kan no støtta klubben gjennom Norsk Tipping, Grasrotandelen. Meir informasjon om dette finn de her.

22.01.11 Vestlandsserien

Sist helg var det full runde i Vestlandsserien.
1. laget møtte Sotra 1 i 1. divisjon. Sotra var store ratingfavorittar på alle bord i denne kampen, og kampen enda med tap 1-4 for laget vårt. Heilpoenget kom på 1. bord ved Arn-Tore mot Håvard Holder.

2. laget måtte trekka seg frå laurdagens kamp mot Førde grunna mange forfall. Tellande resultat i denne kampen blir tap 0-4 for vårt lag. Søndag var fleire av spelarane klare til kamp, og laget spelte seg fram til sesongens første lagpoeng etter 2-2 mot Fana.

09.01.11 Aktivitet i januar  

Laurdag 15. januar er det runde i Vestlandsserien for begge laga til klubben. I 1. divisjon møter 1. laget vårt Sotra 1 på Sotra. 2. laget skal til Førde og møter der opprykksfavorittane i 2. divisjon.

I perioden 24. januar til 3. februar går den populære turneringa Gibraltar Chess Festival av stabelen. Klubben sin leiar, Odd er påmeld og oppfordrar andre som har lyst, og treng info om å ta kontakt.