Masfjorden sjakklubb har gleda av å invitere til Gunnar Halvorsens Minneturnering
26.-28.januar 2007.

 

 

Gunnar omkom i ein tragisk sykkelulukke våren 2006, berre 54 år gammal. Han var ein sterk sjakkspelar og medlem av klubben vår i meir enn 20 år, og det er difor naturleg for oss å minnast Gunnar på denne måten.

 

  

 Resultater

Nye ratingtal etter turneringa

                                      

 

Når:                            26.-28. januar 2007

 

Spelestad:                 Sandnes skule, Masfjordnes

 

Spelesystem:            5 rundar NSF Monrad. 90 min på 40 trekk, deretter 30 min på resten av partiet.

 

Startavgift:                 Senior 300,- Junior/Student 200,-

Kontonr: 3632.53.68254

 

Grupper:                    A: 1750 og høgare

B: 1250-1749

C: 0-1249

Ein kan velja å delta i høgare gruppe enn det ratingen tilseier, men ikkje lågare.

Ved låg deltaking kan to grupper bli slått saman.

 

Premiar:                    Gr. A: 1500,-            900,-               600,-

Gr. B: 1000,-            700,-               500,-

Gr. C: 1000,-            500,-               300,-

Blir det 2 grupper, er det premiane i gruppe A og B som gjeld.

 

Tidsskjema:              Fredag:          1600-1830: Registrering og oppmøte

1900-2300: 1. runde

 

Laurdag:        1000-1400: 2. runde

1500-1900: 3. runde

2030 (ca.) : Lynturnering

 

Søndag:         1000-1400: 4. runde

5. runde ein halv time etter siste parti er ferdig i runde 4.

Premieutdeling ca 1830

 

Påmelding:                Kan gjerast på e-post: bjornben@hotmail.com

                                    telefon: 97 07 83 52 eller: 47 39 80 90 (etter kl. 1700)

 

Ein kan velja å stå over første runde og få eit halvt poeng for denne. Dette må opplysast ved påmelding, og startavgift må vera registrert innbetalt.

 

Liste over påmelde spelarar.                                            
 

Kantine:                     Det blir kioskutsal ved analyserommet. Det blir enkel middagsservering frå kiosk.

                                   Det er no mogeleg å bestilla frukost for laurdag og sundag. Pris er kr. 40,-                                   pr. dag.
 

Overnatting:               Sjå tilbod her.




Hit Counter