|
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I MASFJORDEN SKU 17.10.06
Sandnes skule kl.20.00
Til stades:Harald Haugsdal, Kristine Kårdal, Evy Færevaag, Bjørn Benjaminsen, Odd Helge Birkestrand, Gro Marit Kvinge Tande, Torkel Kvinge Tande, Harald Mjanger, Odd Birkestrand
1) Godkjenning av sakliste og innkalling a. Etter framlegg frå Bjørn vart pkt.4 flytta til etter pkt.6, av di ein venta fleire deltakarar b. Nytt pkt.8: Budsjett Pkt. 8 – 12 vart endra til pkt.9 – 13
2) Val av møteleiar
Odd Helge Birkestrand
3) Val av referent
Odd Birkestrand
5) Val av 2 medlemmar til å underskriva referat
Evy Færevaag og Kristine Kårdal
6) Styret si årsmelding
Årsmeldinga vart godkjend med følgjande merknad: Dei beste plasseringane i meisterskap bør nemnast med namn på spelarane
4) Fastsetting av stemmetal og beslutningsdyktighet
Årsmøtet vedtaksført etter vedtektene. Tal røysteføre: 9
7) Godkjenning av rekneskap og revisjon
Gjennomgang v/tidl. kasserar Harald Mjanger som førte rekneskapen i 2005. Rekneskapen godkjend med atterhald om oppklaring av ein utgiftspost i samb. med Masfjorden GP 2006
8) Budsjett
Styret får fullmakt til sette opp budsjett for 2007 Det vart peikt på at styret må jobba med å skaffa sponsorinntekter
9) Innkomne framlegg
a) Arrangement av NM for ungdom- Bergen 24.-26.11.06
Bjørn og Arn-Tore har meldt seg som funksjonærar. Gro Marit og Bjørn jobbar vidare med å skaffa frivillige blant foreldra i Masfjorden SKU, ut frå behovsanalyse frå arrangørane
b) NM for skulelag 2007
Ei rundspørjing blant foreldra førte til at Masfjorden SKU har søkt om arrangementet. Forbundet har enno ikkje svart. Ein bør prøva å få ei avklaring snarast, slik at evt. komitéarbeid kan starta opp
10) Val av leiar
Odd Helge Birkestrand(attval) 1 år
11) Val av øvrige styremedlemmar
Sigmund Holmaas(ny) 2 år Maud Sleire Holmaas(attval) 2 år Gro Marit Kvinge Tande(attval) 1 år Ingebjørg Kvinge Hindenes(ny) 2 år 1 medlem blir valt mellom spelarane torsd.19.10.
Varafolk: Harald Haugsdal(attval) Kristine Kårdal(ny)
12) Val av revisor
Kjersti Andvik(attval)
13) Øvrige val
Turneringsleiar: Bjørn Benjaminsen
Samtlege val og vedtak var samrøystes
Masfjordnes 18.10.06
Odd Birkestrand ref.
__________________________ ______________________ Evy Færevaag Kristine Kårdal
|