|
Masfjorden BGP I 2009(29.06.09) |
13 spelarar fann vegen inn i gymsalen på Sandnes skule i
sommarvarmen i går. I klasse Mikroputt sigra Sondre Merkesvik
(Bergens) framfor Bjørnar T. Størkersen (Masfjorden).
I klasse Lilleputt var det total bergensdominans. På dei tre
første plassane kom Mathias Sætre, Andreas Jansen og Jonas H.
Rasmussen.
I klasse kadett spelte dei 4 deltakarane dobbel berger. Sigve
Haugsdal (Masfjorden) og Ole Emil Frisvold (Bergens)delte
sigeren med 5 poeng kvar. På delt 3. plass kom Eirik Hauge
(Fana) og Andreas T. Aasgard (Masfjorden)
Resultatlister. |
|
Trenings samling(26.06.09) |
|
Vi minner om trenings samlinga i morgon på Sandnes skule for NM
deltakarane. Samlinga startar 11.00 og er venta ferdig ca 17.30 |
|
Pizzafest på Masfjordnes(16.06.09) |
|
Ein lang vårsesong i Masfjorden SKU blir avslutta i morgon,
onsdag 17. juni, med pizza og lynsjakk på Sandnes skule. Oppmøte
blir som vanleg klokka 18.15. |
|
NM for Lokallag (07.06.09) |
Klubben sitt lag i klassen for Ungdomslag enda til slutt med 7
lagpoeng og ein gledelg 5. plass i NM for Lokallag. Undervegs i
turneringa møtte våre gutar kun eit lag som var lavare rangert.
Det er verdt å merka seg Sigve sin
prestasjon på første bord. Med ratingprestasjon på 1580 vil
ham plussa godt på sin eigen rating.
Resultat for Masfjorden SKU 1 finn de
her. Stavanger SKU 2 vart Noregsmeistrar i denne klassen med
11 lagpoeng.
Klubben sitt lag i klassen for bornelag fekk det som venta svært
tøft i turneringa. Dei enda til slutt opp med 1 lagpoeng og 16.
plass. Hovudmålet for laget var å få oppleva meisterskapet og
læra mykje på turen. Lagkaptein Audun rapporterar om mykje godt
spel undervegs, og ikkje minst mykje morro både før og etter
partia.
Resultat for Masfjorden SKU 2 finn de
her. OSSU 3 vart Noregsmeistrar i denne klassen med 11
lagpoeng. |
|
NM for Lokallag (06.06.09) |
Klubben har med 2 lag i årets NM for Lokallag som går av
stabelen i Stavanger denne helga.
På laget i klassen for ungdomslag, spelar Sigve Haugsdal, Kjetil
H. Andås, Sigve Hølleland, Håvard Haugsvær og Andreas Aa.
Tveranger. Det er 11 lag med i denne klassen, og våre menn fekk
wo i første runde. Det skal spelast 6 rundar totalt.
Resultat for Masfjorden SKU 1 finn de
her.
På laget i klassen for bornelag, spelar Tollev B. Hølleland,
Bjørnar T. Størkersen, Karstein B. Hølleland og Ingmund Andvik.
I første runde vart det tap 0-4 mot Modum SKU 2. I andre runde,
tidleg laurdag spelte gutane våre 2-2 mot Caissa SKU 2. Eit
sterkt resultat for våre spelarar som er med på sitt første
meisterskap. Tollev og Ingmund vann sine parti på 1. og 4. bord.
Også i denne klasse skal det spelast 6. rundar.
Resultat for Masfjorden SKU 2 finn de
her. |
|
KM i sjakk (10.05.09) |
Bergen arrangerte denne helga
Åpent Hordalandsmesterskap NVGP. Tore-Inge Bratteteig tok
2,5 poeng og ein gledeleg 11. plass i gruppe A. Sigve Hølleland
fekk med seg 2 poeng og 5. plass i gruppe B. Begge våre hadde
prestasjonar over det som var forventa, og fekk med seg
ratingpoeng heim til Nordhordland.
Øyvin Riisem, Nordnes sjakklubb gikk til topps, og er dermed
kvalifisert til Mesterklassen i årets Landsturnering. |
|
Treningshelg (26.04.09) |
|
Bergens inviterer til treningshelg 29. mai - 1. juni med IM
Jesper Hall, FM Kjetil Stokke, FM Petter Stigar og Stig K.
Martinsen. Som det ser ut av
invitasjonen er samlinga retta mot dei unge spelarane. Pris
er 500,-, dette inkluderer mat og deltaking i Festspill BGP 1.
juni. Masfjorden SKU vil sannsynlegvis dekka noko av eigendelen
for våre medlemmer etter søknad. |
Nordisk for jenter
(17.04.09)
|
Resultatservice for Nordisk finn de
her. Det blir også sendt
fleire parti live
her. |
|
Bergen Hurtig GP (17.04.09) |
|
Laurdag arrangerer Bergens hurtigsjakkturnering.
Bjørn skal innover og har plass til 2 spelarar til. Interesserte
må melda seg snarast på tlf 47398090. |
|
Internasjonal deltaking (17.04.09) |
 |
|
Odd avslutta for nokre få dagar sidan
EM for seniorlag med tap i 8. runde og siger i 9. runde. 3
poeng totalt og ratingprestasjon på 1980 må seiast å vere meir
enn godkjent. Laget,
Noreg 3, enda til slutt på 45. plass. Noko høgare enn
forventa.
Ikkje før har Odd avslutta eit internasjonalt meisterskap, før
neste spelar frå klubben skal ut og delta i meisterskap. I dag
set Evy seg på flyet til Stockholm for å delta i Nordisk
meisterskap for jenter. Arrangøren har så langt ikkje lagt ut
noko internettside til arrangementet. Vi kjem med oppdateringar
her så snart vi får inn resultat frå Evy og dei andre norske
deltakarane. |
 |
|
Turneringar i vår (12.04.09) |
|
Laurdag om ei veke inviterer Bergens til
Bergen Hurtig GP. Turneringa tel i NVGP. Seinare i vår,
8.-10. mai arrangerer Bergens
Opent Hordalandsmeisterskap NVGP. I tillegg arrangerer Audun
internetturneringa
BITS II 2009 for yngre spelarar. Bergens SKU arrangerer
Festspill BGP 1. juni. Liste over turneringar i Hordaland finn
de her. |
|
EM for seniorlag (12.04.09) |
|
Klubben sin eldste og for tida mest aktive medlem, Odd deltar i
påska i
EM for seniorlag i Østerrike. Odd tok utfordringa som
Noreg 3 sin lagkaptein og 1. bordspelar etter forfall i
siste liten. Her har det blitt 2 poeng og ein prestasjon på
1949. Laget har Odd så lang leia til ein plassering omlag som
forventa. Turneringa blir avslutta med 8. runde i dag og 9. og
siste runde i morgon. |
|
Turnering på ICC (31.03.09) |
|
Audun har det siste året organisert turnering for yngre spelarar
på ICC. Årets første,
BITS I 2009 er nettopp fullført med Kjetil og Sigve frå
klubben som deltakarar. Her vart det 5. og 6. plass i ei jamn og
god gruppe. Det er no mogleg å melda seg på
BITS II 2009 som startar rett over påske. |
|
Stavanger Open (31.03.09) |
|
Sigve Hølleland har vist seg som ein av klubben sine ivrigaste
spelarar. Sist helg gjekk turen til Stavanger for deltaking i
Stavanger Open 2009. I gruppe B, med 35 deltakar, vart
resultatet 2 poeng og ein fin ratingframgang. Sigve spelte på 1.
bord for Ostereidet skule sitt lag i
KM for skulelag helga før. Ostereidet, som var det einaste
laget med spelarar frå klubben kom på ein sterk 2. plass i
turneringa bak suverene Rolland. I tillegg til Sigve spelte
Tollev Hølleland, Karstein Hølleland og Eivind Toft på laget.
Her er bilder |
|
Ingen sjakkundervisning på torsdag 19. mars
(15.03.09) |
|
Då det skal vera karneval på Sandnes skule førstkommande
torsdag, går sjakkundervisninga ut. Dei som yskjer å delta i
KM
for skulelag på førstkommande laurdag, må gi beskjed om
dette til Bjørn snarast. |
|
Fana BGP og Kretsmeisterskap for skulelag (02.03.09) |
|
Fana SKU arrangerer
BGP-turnering laurdag 14. mars på Sesamhuset ved
kommunehuset på Nesttun. Helga etterpå, laurdag 21. mars,
arrangerer Hordaland Barne og Ungdoms Sjakkrets
KM
for skulelag i kantina på Sotra Vgs ved Bildøyhallen. Meir
info om desse turneringane kjem når klubben sine aktivitetar
startar opp att etter vinterferien. |
|
Sjakkturnering i Knarvik senter (28.02.09) |
Det deltok tilsaman 26 spelarar i dagens hurtigsjakkmesterskap i
Knarvik Senter. WFM Katrine Tjølsen frå Bergens sigra med 5,5
poeng av 6 moglege. Henrik Kolden som ikkje har spelt organisert
sjakk dei siste 25 åra tok ein overraskande 2. plass i feltet
med fleire gode spelarar frå Bergens-, Masfjorden- og Fana
sjakklubb. Andres Jansen, Bergens tok 3. plass i gruppa, og med
det pokalen som best plassert barn i mesterskapet.
Kjetil Andås vart best plassert av spelarane frå Masfjorden med
ein fin 5. plass og 4,5 poeng.
Komplett resultatliste finn de
her.
Lasse var på plass med kamera og har lagt ut bilder
her. |
|
Sjakkturnering i Knarvik senter (22.02.09) |
Neste laurdag arrangerer Masfjorden SK i samarbeid med
senterleiinga i Knarvik sjakkturnering i Knarvik senter. Det
blir 5 eller 6 rundar Monrad, litt avhengig av deltakartalet.
Oppmøte og registrering blir frå klokka 11.00 til 11.50. Første
runde startar klokka 12.00. Tenketida blir 10 min. pr spelar pr
parti. Vi vil spela etter NSF sitt hurtigsjakkreglement. Det
blir gjennomgang av reglene før turneringsstart
Turneringa er open for alle som har lyst å spela ein uhøgtidleg
sjakkturnering. Ein treng ikkje vera medlem i klubb for å delta.
Gratis deltaking. Premieutdeling ca klokka 14.30 på sentersena.
Premiar:
| |
|
| 1. premie |
Pokal og gåvekort Knarvik senter kr. 500,- |
| 2. premie |
Gåvekort Knarvik senter kr. 300,- |
| 3. premie |
Gåvekort Knarvik senter kr. 200,- |
| I tillegg blir det trekt
ut fleire gåvekort på startnr. |
|
|
Vestlandsserien (22.02.09) |
Sist helg var det avslutning i årets Vestlandsserie. Laurdag
hadde alle tre laga våre heimekamp på Sandnes skule.
Skulle 1. laget halda liv i håpet om 1 divisjonsspel neste
sesong, burde Sotra 1 slåast. Dessverre vart det nok eit tap med
siffera 1-4. Odd Helge fekk remis mot Tom Eriksen (1594) på 4.
bord. Og Tor Kristian fekk remis på 1. bord mot Håvard Holder
(1956).
2. laget tapte 4-0 mot Nordnes i 2 divisjon, 3. laget tapte
1.5-2.5 mot Bergens 5.
Søndag vart det heilsvart for masfjordlaga. Førstelaget tapt 5-0
mot Bergens 2 og rykka dermed ned i 2. divisjon neste sesong. 2.
laget tapte 0,5-3,5 mot Bergens 5, 3. laget tapte 1-3 mot Voss.
3. laget vart med dette nest sist i 2. divisjon med 2 lagpoeng
og 9,5 individuelle poeng. 2. laget kom på sisteplass med 2
lagpoeng og 7,5 individuelle.
Kort oppsummert vart dette ein svak sesong av alle laga våre,
men med individuelle resultat som gir oss håp om mykje å gleda
oss over framover dei neste åra.
For alle lag- og individuelle resultat for masfjordlaga, klikk
her.
Full oversikt i Vestlandsserien finn de på
Bergens sine
seriesjakksider. |
|
NM for jenter (08.02.09) |
I NM for jenter gikk som forventa Karine Tjølsen (Bergens) til
topps i gruppe
Ungdom/Kadett. I kadett sigra Elise Forså (Tromsø) med 3
poeng. I klasse
Lilleputt vart det og favorittsiger med Erle Andrea Marki
Hansen (Kristiansand). I klasse
Miniputt sigra Henriette Lien (Fredrikstad).
Plasseringar for Masfjordspelarar:
| Klasse |
|
Poeng |
Plass |
| Ungdom |
Herborg Hansen |
3,5 |
4 |
| Ungdom |
Evy Færevaag |
2,5 |
6 |
| Ungdom |
Kjersti Holmaas |
2,5 |
9 |
| Miniputt |
Kristine
Haugsvær |
1 |
11 |
| Miniputt |
Oda Aasgard
Tveranger |
0 |
12 |
Evy vart med dette den nest best plasserte junioren i klasse
Ungdom, og skal då representere Noreg i Nordisk for jenter i
Stockholm seinare i vår.
Arne Tjølsen har lagt ut bilder frå turneringa
her. |
|
NM for jenter (07.02.09) |
Etter 3 av i alt 6 rundar har Herborg, Evy og Kjersti 1,5 poeng
i gruppe
Ungdom/Kadett. Oda og Kristine som er med på sin aller
første turnering med lang betekningstid står utan poeng i klasse
miniputt.
Katrine Tjølsen (Bergens) leiar klasse Ungdom med 3 av 3 etter
siger mot Herborg i 3. runde.
Arne Tjølsen er som vanleg ikkje langt unna med kameraet sitt.
Bilder frå turneringa har han lagt ut
her. |
|
NM for jenter (06.02.09) |
|
Denne helga deltar 5 spelarar frå klubben i NM for jenter i
Frosta. I miniputt er Oda og Kristine med, Evy, Herborg og
Kjersti deltar i klasse ungdom. |
|
Masfjorden NVGP (06.02.09) |
Sist helg deltok 39 spelarar i Masfjorden GP. Gruppe A vart
vunnet av Kjetil Stokke frå Bergens med Jon Kristian Haarr
(Sandnes) og Joachim B. Nilsen ( Bergens) på dei neste plassane.
Herborg vart best av våre i A-gruppa med 3,5 poeng og 5. plass.
Andreas Jansen (Bergens) vant B-gruppa med 4,5 poeng. Jostein
Sørhus (Bergens) og Jonar Lensebakken (Nord-Odal) tok 2. og 3.
plassen. Sive Hølleland vart beste spelar frå Masfjorden med 4
poeng og 4. plass. |
|
Masfjorden NVGP (27.01.09) |
|
Masfjorden NVGP 30.1 - 1.2 nærmar seg! Til helga er det
turnering på Sandnes skule i Masfjorden, pr. i dag er det 26
påmelde fordelt på to klasser. Vil du vera med?
Meld deg på her. |
|
Vestlandsserien (18.01.09) |
1. laget gjekk på eit nytt tap i dag mot SK 96. Dag sigra på 1.
bord, Tor Kristian spelte remis på 2. bord, Arn-Tore, Alexander
og Tore-Inge tapte sine parti. Med 0 lagpoeng og klar
sisteplass, skal det mykje til for å berga plassen i
avslutningsrundane som går 14. og 15. februar.
2. laget fekk kun eit halvt poeng heime mot Voss laurdag. Sigve
sikra dette med dei svarte brikkene mot Oddvar Solli på 1. bord.
Søndag vart det eit nytt tap. Denne gangen 1-3 mot Sotra 2.
Bjørn og Sigve spelte remis på 1. og 2. bord, Kjetil og Sigve H.
tapte sine parti.
3. laget fekk og eit halvt poeng laurdag. Dei møtte Nordnes som
var soleklare ratingfavorittar på alle bord. Også her var det på
1. bord det vart remis. Evy sikra denne med svart mot Terje
Karlsen. Søndag sikra jentene lagpoeng i kampen mot Bergens 6.
Kjersti sigra på 4. bord, Anita og Elin spelte remis på 2. og 3.
bord, mens Evy gjekk på eit surt tap på 1. bord etter ein stygg
bukk i midtspelet. |
|
Oppstart av sjakkurs (08.01.09) |
|
Sjakken for medlemane i Masfjorden SKU startar i dag klokka
18.15 på Sandnes skule. |
|
BGP/UGP 2008 (03.01.09) |
 |
Kjetil Andås fekk til slutt full score, 100 poeng, i den
landsdekkande BGP/UGP serien. Førsteplassen i klasse
miniputt delar han med 7 andre spelarar frå heile landet.
Jentene på Masfjorden 3 i Vestlandsserien markerte seg i klasse
ungdom, der Anita kom på 2. plass, Evy på 5. plass og Lisbeth på
10. plass.
Noko forseinka har vi lagt ut
bilder frå BGP-turneringa vi hadde 14. desember. Fotograf
for dagen var Audun Hølleland. |
|
Nytt sjakkår (01.01.09) |
Odd vart siste spelar ut i turnering i 2008 for klubben. Søndag
28. desember deltok han i Hurtigsjakk for seniorar i Oslo. Her
vart det 4 poeng av 7 mogelege og ein 8. plass blant 22
deltakarar. Vidar Taksrud vann turneringa med 5,5 poeng.
Tor Kristian er allerede i gang med det nye sjakkåret som
klubben sin einaste deltakar i
Gjøvik
Sjakkfestival der han er med i
Jubileumsturnering A. Etter 3 rundar står han med 1 poeng
etter å ha møtt sterk
motstand i alle rundane.
Januar og februar er som vanleg travle sjakkmånader for klubben.
Tabellen viser aktiviteten i dei kommande vekene:
|
|