|
Nyheter frå Masfjorden SK vår 2007 |
|
Landsturneringa |
07.07.2007 |
I dag starta Landsturneringa på Hamar med 11 masfjordingar i ulike klassar. Status etter første runde er 50 %
score. Det vil seie 5,5 poeng av 11 mogelege. Me har som vanleg laga
ein
tabell for våre spelarar der me vil prøva å oppdatera kvar dag
med resultat og motstandarar.
|
|
Pula Open |
30.06.2007 |
Pula Open vart avslutta tidleg i dag. Odd avslutta
fint med siger, og enda då med 3,5 poeng og ein liten ratingframgang
på den nasjonale ratingen. Best av dei norske vart GM Kjetil A. Lie.
Han avslutta desverre med tap og enda med det på ein 5. plass. Odd
sine resultat finn de
her. Resten av dei norske finne de
her.
|
| Landsturneringa, NM 2007 Hamar |
28.06.2007 |
Ei drøy veke før første runde i årets Landsturnering
på Hamar, er det 11 spelarar i frå Masfjorden SK som er påmelde. Det
er knytta stor spaning kring fleire av spelarane. Andreas og
Alexander har i heile vår vist solid spel i ulike turneringar. Kan
dei vera med og hevda seg i ein rekordsterk Kadett-klasse? Sigve har
i fleire år vist at han høyrer heime i øvre del av sin klasse. Odd
gjorde ein svært sterk turnering i fjor. Kan han gjenta dette i år?
Nedanfor er våre spelarar lista opp som skal til Hamar.
| Namn |
Klasse |
| Stig K. Martinsen |
Mester |
| Evy Færevaag |
2 |
| Odd Helge Birkestrand |
3 |
| Yngve Rasdal |
3 |
| Lisbeth Haugsvær |
4 |
| Marius Johansson |
5 |
| Odd Birkestrand |
Senior A |
| Andreas K. Hindenes |
Kadett A |
| Alexander Kårdal |
Kadett A |
| Sigve Haugsdal |
Lilleputt |
| David Hoen Tjore |
Miniputt |
|
|
Pula Open |
23.06.2007 |
| Pula Open starta i dag med heile 303 spelarar på
startstreken. 26 av desse kjem frå Noreg. Odd er einaste frå
Masfjorden som deltar. I første runde vart det tap med svart mot
Drazen Dragicevic (SWE 2200). Arrangøren brukar programmet
Swiss-Manager
som genererer gode oppdateringer på kvar enkelt spelar.
Her kan de fylgja med på Odd sine resultat, og
her finn de alle resultat til den norske troppen. 8 parti frå
kvar runde blir sendt
live.
|
| Aktivitet |
15.06.2007 |
Alle klubbaktiviteter har no gått i sommardvale. Men
det er ikkje dermed sagt at det ikkje skjer noko på den lokale
sjakkfronten. Neste veke set Odd seg på flyet til feriebyen Pula i
Kroatia for å delta i
Pula Open i lag
med 25 andre nordmenn. Dette er etterkvart blitt ein svært populær
turnering blant nordmenn. For å få eit lite innblikk i denne
turneringa og det som byen har å by på, kan me anbefala
Evy sitt reisebrev frå hennas tur dit i 2005.
|
| Nye ratingtal |
13.06.2007 |
Forbundet har publisert nye offisielle ratingtal pr.
12. juni 2007. Alle tala, inkludert topplistene finn de hos
Rune Djurhus.
Bergens
har laga ein oversikt for
Hordaland. For våre spelarar har det som vanleg vore store
endringar hos ein del av juniorane. Av dei aktive spelarane i
klubben er det 23 som har fått publisert ratingtal. Gjennomsnittet
for desse er 1298, snitt endring er + 18 og gjennomsnitt tal på
spelte parti er 185. Alle tala for Masfjorden SK finn de
her.
|
|
NM for klubblag 2007 |
10.06.2007 |
| I femte runde vart det tap 1 - 3 for Stavanger 2.
Poenget kom ved godt spel av Alexander på 4. bord mot Marius S. Lode
(1444). Med dette tapet er det ikkje nokon veg utanom WO i siste
runde.
Tabell
for Masfjorden SK
|
|
NM for klubblag 2007 |
09.06.2007 |
| Som venta vart Randaberg 1 for sterke for våre menn.
Det enda til slutt med 4-0 tap der alle partia hadde ratingforskjell
på minst 350 poeng. Med 17 deltakande lag kan det gå mot ein sein
frukost og wo i neste runde for våre spelarar.
I andre runde møter laget vårt Stavanger 3. Resultat: 4-0
I tredje runde møter laget vårt Stavanger 1. Resultat: 1-3
I fjerde runde møter laget vårt Sandnes 2. Resultat: 2½
-1½
Tabell
for Masfjorden SK
|
|
NM for klubblag 2007 |
08.06.2007 |
Masforden SK vart trekt ut mot
Randaberg sitt førstelag i første runde av NM i sjakk for
klubblag. Randaberg spelte i Telio-serien sist sesong av
seriesjakken. Runden starta klokka 19:00. Me kjem tilbake med
resultat for våre spelarar så snart me får rapport frå Stavanger.
|
|
NM for klubblag 2007 |
06.06.2007 |
På førstkommande fredag startar årets NM for
klubblag i Stavanger. Med innførelsen av Telioserien, vart og NM for
klubblag endra. Nytt av året er at alle lag spelar i ei gruppe.
Masfjorden SK har planar om å senda eit lag av gårde. Dette laget er
påmeld, men det ser ut til at arrangørens heimeside ikkje har blitt
oppdatert sidan før helga. Me håpar å kunna bringa resultat for våre
krigarar på denne sida.
|
|
KM i hurtig- og Lynsjakk |
24.05.2007 |
Som oppvarming til Hordaland Sjakkrets sine opne
kretsmesterskap, arrangerer Bergens
BGP turnering på Nordnes bydelshus førstkommande lørdag. Søndag
startar Opent KM i hurtigsjakk i YMCA sine lokaler på Nedre
Korskirkeallmenning. Mandag blir Opent KM i lynsjakk på samme plass.
Begge desse turneringane tel i NVGP-serien.
|
|
Unicorn Open |
20.05.2007 |
| Andreas avslutta med remis mot Bernd Muskewitz
(2050) i Berlin. Han enda då med 4 poeng totalt av 7 mogelege og ein
ratingprestasjon på 1906. Dette plasserte han på ein fin 70. plass
blant 165 deltakarar.
Resultatlister
|
|
Unicorn Open |
19.05.2007 |
Det vart oppskriftsmessig siger mot Dennis Meushke
(1097) i dagens første parti i Berlin for Andreas. Med 2,5 poeng
vart han igjen para høgt til neste runde. Her møtta han Frank Köning
(2014) med svart. Godt i gang med poengsankinka tidligare på dagen
forsatte Andreas det gode spelet. Med siger her er Andreas oppe i
3,5 poeng etter 6 rundar. Siste runde går i morgon med start klokka
11:00. her skal Andreas ha kvit mot Bernd Muskewitz (2050).
|
|
Unicorn Open |
18.05.2007 |
På nasjonaldagen tok ikkje Andreas poeng i Berlin. I
runde 2 vart det tap mot Thomas Weigelt (2003). Runde tre enda og
med tap. Her møtte Andreas Götz Richter (2049). 4. runde i Berlin
vart spelt i dag, og her vart det remis mot Michael Mattsson (2010).
Status er då 1,5 poeng etter 4 runder. Tre av desse rundene har vore
mot motstandarar med klart høgare rating. I morgon er det igjen duka
for dobbeltrunde. I den første er det Dennis Meuschke (1097) som sit
på den andre sida av brettet.
|
|
Unicorn Open |
17.05.2007 |
16. mai starta den opne turneringa Unicorn Open i
Berlin, Tyskland. Blant dei 172 startande, finn me og Andreas. I
første runde møtte han ein av dei lokale juniorane, Ulrich Pixa
(975). Dette enda med ein rask og grei siger til Andreas. Turneringa
fortsetter med 2 runder på torsdag 17. mai, 1 på
fredag, to på laurdag og avsluttast med 7. og siste runde på søndag.
|
| KM i hurtig- og lynsjakk |
12.05.2007 |
27. og 28. mai inviterar kretsen til KM i
hurtigsjakk og lynsjakk. Meir info
her.
|
| Heider |
12.05.2007 |
Klubben sin leiar og grunnleggar, Odd Birkestrand, fekk velfortjent
NSF sin heidersplakett for mangeårig innsats for norsk sjakk tildelt
på premieutdelinga til NM i sjakk for skulelag.
|
| Bergen Hurtig GP |
30.04.2007 |
| Fleire av klubben sine juniorar tok turen til Bergen
laurdag for å spela hurtigsjakk. Her vart det noko varierande
resultat, med enkeltsigrar mot høgare rata motstandarar ei runde,
for å gje vekk poeng mot lavare rata motstandarar i neste. Av
juniorane vart Evy best med 3 av 6 poeng. Dette holdt til 12. plass
totalt og siger i klasse 4. Det var 22 startande.
Resultatliste.
|
| Partier |
15.04.2007 |
Noko forseinka kan me no legga ut eit lite utval av
parti
frå Gunnar Halvorsens Minneturnering som vart spelt på Sandnes skule
siste helga i januar. Dette er første gongen me prøver oss på dette
med partiopplastning på nett, så om det er feil eller manglar,
venligst ta kontakt.
|
|
Oslo påskesjakkfestival |
05.04.2007 |
| I gårsdagens 6. runde bokførte Andreas remis mot
Timmie Nygaard (1547). I 7. og siste runde måtte han opp mot eit av
Bergens sine store talent, Katrine Tjølsen (1903). Dette enda med
tap, og sluttstillinga for Andreas vart då 2,5 poeng og 37. plass.
Då nær sagt alle motstandarane til Andreas hadde fleire hundre poeng
høgare rating, må dette seiast å vera meir enn godkjent. Me reknar
med han har mange positive opplevingar og ein god porsjon
ratingpoeng med heimatt etter ei kort veke i hovudstaden. Komplette resultatlister blir lagt
ut på Torstein Bae sin
sjakkblogg.
Motstandarar, rating og resultat for Andreas finn de
her.
|
|
Oslo påskesjakkfestival |
04.04.2007 |
I det første partiet av tirsdagens dobbeltrunde
kunne Andreas bokføra siger mot Maria Pitz Jacobsen (1686). Dette
resulterte i eit møte med Lars Even Andersen (2200) i neste runde.
Sjølv om Andreas viser stigande sjakkform, vart dette i tøffaste
laget for han. Det enda då med tap. Med 2 av 5 poeng mot langt
høgare rata spelarar, har Andreas så langt prestert langt over det
som er forventa. Det opne NM fortsetter med runde 6 i dag, og
avsluttast med runde 7 i morgon. Komplette resultatlister blir lagt
ut på Torstein Bae sin
sjakkblogg.
Motstandarar, rating og resultat for Andreas finn de
her.
|
|
Oslo påskesjakkfestival |
03.04.2007 |
I mandagens dobbeltrunde vart det tap for Andreas i
begge partia mot langt høgare rata motstand. Turneringa fortset med
runde 4 og 5 på tirsdag.
Motstandarar, rating og resultat for Andreas finn de
her.
|
|
Oslo påskesjakkfestival |
02.04.2007 |
Andreas har tatt turen over fjellet i lag ein gjeng
ungdommar frå Bergens Schakklub. Påskefestivalen starta laurdag med
hurtigsjakkturnering. I denne tok Andreas 3,5 av 6 mogelege poeng.
Dette holdt til 19. plass blant 51 startande. Hovudturneringa, Det
opne NM, starta søndag. I første runde møtte Andreas klart høgare
rata Kjetil Strand (1854) frå Asker sjakklubb. Men som kjent har
ikkje Andreas særleg respekt for ratingtala til motstandarane sine,
og det enda og med siger til han. I andre runde som startar klokka
10:00 mandag skal Andreas møta Sondre W. Tofte (2009) frå Stavanger.
Motstandarar, rating og resultat for Andreas finn de
her.
Komplette resultatlister finn de
her.
|
| Vestlandsserien. |
14.03.2006 |
| I siste runde av
Vestlansserien braut andrelaget trenden med 2-3 tap. Desverre
vart det tap med sifra ½-4½ mot eit sterkt Bergens 4. Det var kun på
førstebord det var nokolunne lik spelestyrke. Evy (1509) møtte der
Runar Torkilseng (1485). Det partiet enda då og remis. På dei andre
borda var ratingforskjellen mellom 400 og 600 poeng. Dette til tross
så gav fleire av spelarane vår god motstand mot Bergens sine
spelarar.
Førstelaget gjekk på ein ny smell i førstedivisjon. Her og var
det kun på førstebord det vart poeng då Stig spelte remis mot Tor K.
Larsen. Resten av spelarane våre måtte til slutt strekka våpen mot
eit inspirert og godt Nordnes lag.
Årets sesong for andrelaget blei då omlag som forventa. Dei unge
håpefulle tok til slutt 8 ½ individuelle poeng. Dei aller fleste av
desse mot spelarar med noko høgare rating enn våre eigne. Desverre
vart det ikkje lagpoeng denne gangen, men som kjent går det ikkje
ann å rykka ned frå 2. divisjon på Vestlandet. Me beholder derfor
laget i divisjonen og ser fram til spanande kampar neste år.
For førstelaget vart debutsesongen i førstedivisjon noko av ei
berg og dal bane. Det begynte med ein grei siger over Sotra i første
runde. I andre runde virka det som om laget gjekk på ein kollektiv
kollaps og tapte mot Bergens 2 med sifra ½-5½. Etter dette var me
litt nervøse og spente på kampen mot SK 96. Då Dag ikkje kunne
stilla på førstebord i denne, rekna me det som lite sansynleg at me
skulle ta lagpoeng. På grunn av sjuk spelar var det ikkje meir enn 5
spelarar frå Masfjorden som stilte til denne kampen. Men eit
mannskap som var ute å reisa kjerringa etter tapet mot Bergens 2 lot
seg ikkje affisera av det. Då alle klokkene var stoppa stod det
3½-2½ i Masfjorden sin favør. Med 4 lagpoeng etter 3 runder
var sesongens første mål nådd. Moglegheiten for nedrykk var no
minimal. Siste kamphelg vart innleia med reise til Førde. I denne
kampen mista me enda ein av topp 4 spelarane våre, Trond. Etter
lange og spanande parti stod det til slutt 3½-2½ til Førde i
protokollen. Søndag vart det som kjent ein ny kollaps mot Nordnes.
For individuelle resultat
til Masfjordspelarane kan de klikka
her.
|
| Vestlandsserien. |
10.03.2006 |
I dag vart 4. runde av
Vestlandsserien avd. Nord spelt. Og for fjerde gang denne
sesongen tapte andrelaget vårt 2-3. I dag mot Bergens 3. Sigve og
Elin stod for dagens poengfangst på fjerde- og femtebord. Andres,
Evy og Lisbeth tapte på første-, andre- og tredjebord. Førstelaget
vårt måtte ta den lange turen nordover til Førde. Og utan Dag og
Trond vart kampen i tøffaste laget mot eit tilnærma toppa Førde lag.
Stig sigra på førstebord, Arn-Tore spelte remis på andrebord, Olav
og Odd tapte på tredje- og fjerdebord, Odd Helge og Alexander klarte
remis på femte- og sjettebord. Det blei då tap 2½-3½. Dette betyr og
at Sotra sitt førstelag som tapte sin kamp i dag med dei samme sifra
mot SK 96, må ta den tunge vegen ned i andre divisjon.
Vestlandsserien vert avslutta med alle laga samla på Montana
Vandrerhjem i morgon klokka 12:00. Førstelaget møter då Nordnes til
kamp om tredjeplassen i årets førstedivisjon. Andrelaget får nok
tøff motstand i Bergens 4 i andredivisjon. For individuelle resultat
til Masfjordspelarane kan de klikka
her.
|
| Vestlandsserien. |
05.03.2006 |
Til helga er det felles avslutning i
Vestlandsserien avd. Nord. På laurdag spelar 4 av laga i 1.
divisjon, og alle 6 laga i 2. divisjon på Montana Vandrerhjem i
Bergen. Masfjorden sitt førstelag må på laurdag reisa til Førde for
å spela mot Førde der. På søndag kjem desse to laga og til Montana,
og det vil då vera 66 sjakkspelarar samla til dyst der. Førstelaget
skal spela mot Nordnes på søndag. Andrelaget skal på laurdag møta
Bergens 3, og på søndag Bergens 4 i 2. divisjon.
|
| KM for Hordaland. |
05.03.2006 |
14 åringen Katrine Tjølsen frå Bergens Schakklub
vart i helga kretsmeister i sjakk for Hordaland. Etter ein
overraskande vinst mot Kjetil Stokke i fjerde runde, sikra ho
sigeren med remis mot Masfjorden SK sin einaste deltakar Stig K.
Martinsen i siste runde. Stig vart tredje best i det 23 mann store
feltet.
Sotra sjakklubb stod som arrangør, og komplett resultatliste og
alle partia klar til gjennomspeling finn de
her.
|
| Vestlandssserien |
18.02.2007 |
I dagens utsatte kamp mot SK 96, reiste førstelaget
vårt seg meisterleg etter tapet mot BS 2 i forrige runde. Sjølv med
fleire sjuke vart det siger 3,5-2,5 for våre menn. Stig klarte etter
lang tids kjemping å hala halvpoenget i land på førstebordet.
Arn-Tore og Trond sigra på andre- og tredjebord. Olav måtte strekka
våpen på fjerdebord, på femtebord vart det wo-tap då Ole Magne ikkje
kunne stilla grunna sjukdom. På sjettebord vart det detonert ei lita
bombe då Alexander (1369) sigra over David Hilton (1795).
Andrelaget sin utsatte kamp mot Bergens 5 vart og spela i dag. Det
ser ut som om andrelaget har gjort det til ein vane å ta 2
inviduelle poeng i kvar kamp. Evy fekk det tøft, og tapte til
slutt på førstebordet. Bjørn og Sigve tapte på henholdsvis
andre- og fjerdebord. Lisbeth og Elin sigra på tredje- og
femtebord.
Klikk her for å få full oversikt over resultat og motstandarar.
|
| EM for seniorlag |
16.02.2007 |
EM for seniorlag starta i dag i Tyskland. Odd skal
spela på førstebordet på tredjelaget til Noreg. I første runde vart
det tap 0-4 for laget utan Odd på plass. Han spelar sitt første
parti i morgon.
|
| Vestlandsserien |
05.02.2007 |
Då tredje runde av Vestlandsserien kolliderer med
NM for jenter, har me avtala ny speledato for våre kampar til
søndag 18. februar. 1. laget skal ha heimekamp mot SK96, 2. laget
skal ha heimekamp mot Bergens 5.
|
| KM individuelt 2007 |
04.02.2007 |
Sotra sjakklubb inviterer til
KM individuelt 2007. Dato for arrangementet er 2.-4. mars.
|
| Gunnar Halvorsens Minneturnering |
30.01.2007 |
Me har mottatt nye
ratingtal etter Gunnar Halvorsens Minneturnering. Størst endring
for våre spelarar har Alexander som går fram 104 til 1369
poeng etter turneringa.
|
| Gunnar Halvorsens Minneturnering |
28.01.2007 |
I gruppe A vart det til slutt tredelt førsteplass
etter at Arn-Tore Haugsdal (Masfjorden) vann sitt parti mot Magnus
Monsen (Sandnes), og det enda remis mellom Joachim B. Nilsen
(Bergens) og Stig K. Martinsen (Masfjorden).
I gruppe B sigra Geir Ole Aagedal (Bergens) med 4 poeng. På andre
plass kom Alexander Kårdal (Masfjorden) med 3,5 poeng. Afshin
Alikhani (Sotra) tok tredjeplassen med same poengsum.
I gruppe C sikra Daniel Sandvik (Bergens) gruppesigeren med remis
mot Jørgen Hoel (Bergens) som då kom på andre plass. Daniel fekk 4,5
poeng, Jørgen 4. På tredjeplass kom Christer Dyrøy (Sotra)
Resultatlister
|
| Gunnar Halvorsens Minneturnering |
28.01.2007 |
I fjerde runde spelte Joachim B. Nilsen (Bergens)
remis mot Arn-Tore Haugsdal (Masfjorden). Stig K. Martinsen
(Masfjorden) sigra over Øystein Aa. Skage (Bergens) og det er då
duka for eit reint finaleoppgjer i siste runde mellom Joachim og
Stig i gruppe A.
I gruppe B er det tredelt leiing mellom Geir Ole Aagedal (Bergens),
Afshin Alikhani (Sotra) og Alexander Kårdal (Masfjorden). Alle med
tre poeng. Bak desse jaktar eitt kobell med spelarar som har 2,5
poeng.
I gruppe C har Saniel Sandvik tatt leiinga med 4 poeng. Jørgen Hoel
(Bergens) er på andre plass med 3,5 poeng. Leif Sigurd Larsen
(Stord) og Christer Dyrøy (Sotra) fylgjer deretter med 3 poeng.
Resultatlister og rundeoppsett her.
|
| Gunnar Halvorsens Minneturnering |
28.01.2007 |
Det vart arrangert lynturnering i gymsalen på
Sandnes skule laurdag kveld. Denne starta med innleiande rundar som
vart spela i 6-manns bergergrupper. Spelarane vart fordelt i 6 ulike
finalegrupper ut frå plassering i innleiande runde. Alle
finalevinnarane vart premierte.
I finalgruppe A vart det ikkje noko avklaring på førsteplasen sjølv
etter stikkamp. Dermed vart premien delt mellom FM Kjetil Stokke
(Bergens), Stig K. Martinsen (Masfjorden) og Joachim B. Nilsen
(Bergens). Det var totalt 29 spelarar i turneringa.
| Finale gruppe |
Vinnar |
| A |
FM Kjetil Stokke (Bergens)
Stig K. Martinsen (Masfjorden)
Joachim B. Nilsen (Bergens) |
| B |
Geir Ole Aagedal (Bergens) |
| C |
Magnus Monsen (Sandnes) |
| D |
Erlend Blom (Fana) |
| E |
Tore Narvøy (Porsgrunn) |
| F |
Marius Johansson (Masfjorden) |
|
| 2. dag. |
27.01.2007 |
Me er no tilbake på nett etter litt tekniske problem
tidlegare i dag. 3 runder er no spelt i Gunnar Halvorsens
Minneturnering. I gruppe A har Joachim B. Nilsen (Bergens) tatt
leiinga med tre strake sigrar. Bak han jaktar Arn-Tore Haugsdal
(Masfjorden) og Stig K. Martinsen (Masfjorden) med 2,5 poeng kvar.
Joachim skal møta begge to i morgon. I gruppe B er det foreløpig
delt leiing mellom Geir Ole Aagedal (Bergens) og Alexander Kårdal
(Masfjorden). Begge har så langt vunne to, og spelt ein remis. I
gruppe C er Daniel Sandvik (Bergens) i føringa med 3 poeng. Anita
Bratbak (Bergens) og Jørgen Hoel (Bergens) fylgjer på dei neste
plassane.
For resultatlister,
klikk
her.
|
| 1. runde |
26.01.2007 |
Resultatlister for første runde finn de
her.
|
| Gunnar Halvorsens Minneturnering |
26.01.2007 |
Første runde av Gunnar Halvorsens Minneturnering
starta ca 1 time forseinka grunna trafikkulukke på vegen til
spelelokalet. Vegen vart stengd, og dette gjorde at ein god del av
spelarane vart ståande i lang tid og venta for å sleppa forbi
ulukkestaden. Ingen av deltakarane i turneringa var innblanda i
sjølve ulukka. Totalt er det registrert 39 spelarar i turneringa. 5
spelarar har nytta seg av tilbodet om wo-remis i første runde, og
kjem først i morgon. Me kjem tilbake med resultatlister seinare i
kveld.
|
| Sjakkbutikken |
24.01.2007 |
Sjakkbutikken Norsk Sjakkforlag vil ha utsal i helga på Gunnar
Halvorsens Minneturnering. Her vil de finna eitt mindre utval av sjakk
CD, DVD og bøker.
|
| Rating |
21.01.2007 |
Som det ser ut no har forbundet laga til ratingliste
som skal oppdaterast fortløpande på nett. Ved å fylgja
linken vil ein få opp alfabetisk liste over spelarar som har
spelt rata parti.
Lista skal lesast slik:
Medlemsnummer; Navn; Kjønn; Klubb; Elo; Antall spelte parti;
GP-klasse; Fødselsårstall; Fide-id; Årstall for siste medlemskap i
NSF.
For alle spelarane til Masfjorden som har deltatt i turneringar i
vinter viser denne framgang. Endringa er i forhold til oktoberlista.
| |
Ny rating |
Endring |
| Stig K. |
2183 |
+70 |
| Odd |
1722 |
+8 |
| Evy |
1502 |
+15 |
| Bjørn |
1131 |
+33 |
|
|
Praha Open |
18.01.2007 |
I siste runde av Praha Open var det kun Bjørn som
klarte poeng. Etter ein spanande opning, rann partiet ut i ei rekkje
offisersbytter og remis. Odd og Evy tapte i gruppe A. Fasit etter 8
dager og 9 runder i Praha er då: Odd 3 poeng, Evy 2 poeng og Bjørn
3,5 poeng. Gjennomsnittet på motstandarane til alle tre er så høgt
at det blir nasjonal ratingframgang. Evy får og ein FIDE-prestasjon
på 1719 etter 9 parti mot eitt snitt på 1939.
Tabellen er oppdatert.
|
|
Praha Open |
17.01.2007 |
I gruppe A sigra Odd over Tor Gunnar Nordnes frå
Sotra. Evy tapte mot 16 år gamle Martina Mareckova (CZE 1971). På
siste bord i gruppe B sigra Bjørn mot Vladimir Svetinsky (CZE 1314)Odd og Bjørn står då med 3 poeng kvar, Evy med 2. Siste runde
startar klokka 0900 fredag morgon.
|
|
Praha Open |
16.01.2007 |
Dagens internoppgjer mellom Odd og Evy enda i remis.
I gruppe B fortsatte Bjørn den dårlege trenden frå gårsdagens
dobbeltrunde og bukka seg rett ut av ein svært lovande stilling. To
runder før slutt har då alle tre frå Masjorden 2 poeng.
|
|
Praha Open |
15.01.2007 |
Mandag i Praha betydde dobbelt runde og større
sjanse for poeng for våre spelarar. Det begynte smått med berre eitt
halvt poeng til Bjørn i gruppe B. I dagens andre runde løsna det for
Odd og Evy i gruppe A. Begge spelte aggresivt og sikkert til vinst.
I gruppe B gjekk det ikkje så bra for Bjørn. Etter å ha spelt solid
i opninga gjekk den berømte rullegardina ned og det enda med tap
etter ei rekke med passive og dårlege trekk. Status då er: Evy 1,5
poeng, Odd 1,5 poeng og Bjørn 2 poeng. Neste runde er tirsdag klokka
1600. I gruppe A blir det eitt reint klubboppgjer mellom Odd og Evy.
|
|
Praha Open |
14.01.2007 |
I dagens runde i Praha vart det siger til Bjørn i
gruppe B. I gruppe A vart det tap både for Odd og Evy.
Tabellen er oppdatert med resultat.
|
| Vestlandsserinen |
14.01.2007 |
I dagens runde i førstedivisjon gjekk førstelaget
vår på ein skikkelig skrell mot BS II. Dag spelte remis på
førstebord mot Halvard Hagesæther. På resten av borda vart det tap
for våre menn. Då gjekk det noko bedre med andrelaget som møtte Voss
i dagens runde i andredivisjon. Det vart eit knepent 3-2 tap etter
at Alexander spelte remis på andrebord mot Asbjørn Lindland, Sigve
slo Kåre Langeland på fjerdebord og Marius spelte remis på femtebord
mot Terje Austreheim.
|
|
Praha Open |
13.01.2007 |
Etter tre runder står alle tre frå Masfjorden med
eitt halvt poeng kvar. For Evy og Bjørn kom desse i gårsdagens andre
runde mot spelarar med 1965 og 1578 i rating. Odd spelte i dagens
parti remis mot Josef Maxant (2061) frå Canada. Evy møtte i dag for
første gang i eit langsjakkparti ein tittelhaldar. Dagens motstandar, FM Michael Babar
(2191) frå Tyskland viste seg å vera i sterkaste laget og det enda
då med tap.
Tabellen er oppdatert med andre og tredje runde. Motstandarar
for fjerde runde reknar me blir klar i løpet av kort tid. Sjå for
øvrig
Bergens SKU og
Sotra Sjakklubb sine heimesider for øvrige resultat og
reportasjar frå Praha.
|
|
Praha Open |
11.01.2007 |
Alle tre måtte strekka våpen mot langt høgare rata
motstandarar i første runde av
Praha
Open. Den vanskelige førsterunden er no overstått, og våre folk
gler seg til fortsettelsen.
Tabellen er oppdatert med resultat og motstandarar.
|
|
Praha Open |
08.01.2007 |
I morgon set Odd, Evy og Bjørn seg på flyet til Praha
for å delta i turneringa
Praha Open 2007. Me har som vanleg når fleire av medlemmane våre er
ute i konkurransar, laga til ein tabell med resultatoversikt for
spelarane våre. Denne finn de under linken
tabell. Her vil me prøva å legga ut fortløpande opplysningar om
motstandarar og resultat på kvar enkelt. Turneringa startar torsdag 11.
januar og er ferdig torsdag 18. januar. Frå Bergens Schakklub er Katrine
Tjølsen, Øystein Aa. Skage og Geir Ole Aagedal påmelde. Håvard Holder,
Ole Woldseth, Tor Gunnar Nordnes, Morten L. Madsen, Afshin Alikhani og
Berge Frimannslund er påmelde frå
Sotra Sjakklubb
|
|
Gunnar Halvorsens Minneturnering |
08.01.2007 |
18 dagar før turneringsstart er det 38 påmelde frå 9
ulike klubber. I
Masfjorden NVGP i 2006 var det 58 spelarar med, så det er enno eit
stykke igjen til me er oppe i dette talet. Det er mogeleg å tinga
frukost for både laurdag og sundag. Pris er kr. 40,- pr. måltid. For dei
som skal overnatte i leilighet eller har tinga seng på "Gamleheimen", er
det viktig å ta med laken, pute- og dynetrekk. Dei som har tinga madrass
på "Gamleheimen" må ha med sovepose eller tilsvarande.
|
|
Bad
Zwesten Open |
08.01.2007 |
Stig avslutta turneringa i Tyskland med remis mot GM Lev
Gutman (2464). Det enda då med 5,5 av 9 mogelege poeng. Turneringa vart vunne av
GM Sergey A. Fedorchuk (2538) og GM Stanislav Savchenko (2525)
|
|
Bad
Zwesten Open |
06.01.2007 |
I dagens parti i Bad Zwesten Open spelte Stig nok ein
remis. Motstandar i dag var Florian Dinger (2286). I siste runde av
turneringa skal Stig møta GM Lev Gutman (2464).
|
|
Bad
Zwesten Open |
05.01.2007 |
I dag spelte Stig seg til poengdeling i begge rundane
mot noko høgare rata motstandarar. I sjette runde møtte han FM Martin
Fette (2313), og i sjuande runde Maximilian Meinhardt (2369). Fasit
etter sju runder er då 4,5 poeng
og ein 24. plass for Stig i turneringa Bad Zwesten Open. I fjerde runde
vart det siger mot Niclas Huschenbeth (2259), i femte runde vart det
poengdeling mot Jan Krensing (2301). Turneringa held fram med to parti i morgon.
I åttande runde møter vår mann Florian Dinger (2286).
|
|
Bad
Zwesten Open |
04.01.2007 |
Fasit etter tredje dag og fem spelte parti, er 3,5 poeng
og ein 22. plass for Stig i turneringa Bad Zwesten Open. I fjerde runde
vart det siger mot Niclas Huschenbeth (2259), i femte runde vart det
poengdeling mot Jan Krensing (2301). Turneringa held fram med to parti i morgon.
I sjette runde møter vår mann FM Martin Fette (2313).
|
|
Gunnar Halvorsens Minneturnering |
04.01.2007 |
Masfjorden kommune ved ordførar Håkon Matre vidarefører
i 2007 det gode samarbeidet mellom kommunen og sjakken. No sist ved å
bli hovudsponsor for Gunnar Halvorsens Minneturnering. Dette gjev
klubben økonomisk tryggleik i arbeidet med å planlegga og få på plass
alle detaljar til turneringa. Pr. dags dato er det
33 påmelde i 3 ulike grupper.
|
|
Bad
Zwesten Open |
02.01.2007 |
I første runde tok Stig K. ein grei siger mot noko
lavare rangert Gerhard Jung (1819). I runde 2 som går i morgon
formiddag, møter Stig K. FM Stefan Frübing (2301). A- gruppa har 111
deltakarar, der vår mann er rangert som nr. 49
|
|
Bad
Zwesten Open |
03.01.2007 |
Fasit etter andre dag og tre spelte parti, er 2 poeng
for Stig i turneringa Bad Zwesten Open. I andre runde vart det tap mot
FM Stefan Frübing (2301). I tredje runde tok Stig heilpoenget mot Detlef
Wingen (1800). Turneringa held fram med to parti i morgon. I fjerde
runde møter vår mann Niclas Huschenbeth (2259).
|
| Aktivitet i januar. |
01.01.2007 |
Starten på det nye året ser ut til å bli hektisk
for klubben. Allerede i kveld set Stig K. seg på flyet til Tyskland for
å delta i Bad Zwesten Open.
Så kjem aktivitetane slag i slag utover månaden. Me har laga ein
oversikt på dei aktivitetane som våre medlemmar er innvolvert i.
|
|
|
|