|
Nyheter frå Masfjorden SK sommar
og haust 2006 |
|
Romjulsturnering i Bergen |
30.12.2006 |
Junioren Andreas K. Hindenes ser ikkje ut til å ha mista
lysta på sjakkspeling opp i all jule- og nyttårsfeiringa. I dag deltok
han i lag med 20 andre i hurtigsjakkturnering i Bergen. Der enda han
tilslutt på ein fin 10. plass etter blant anna å ha holdt Anita
Grønnestad (1827) til remis. Turneringa vart vunne av Eirik T. Gullaksen
frå Bergens Schakklub. Komplett resultatliste finn de
her.
|
|
Romjulsturnering i Bergen |
29.12.2006 |
For dei som ikkje er heilt utslått av
ribbefett og moltekrem i romjula, kan me anbefala
hurtigsjakkturneringa til Bergens Schakklub laurdag 30. desember.
Betenkningstida er 25 min. pr. spelar pr. parti.
Over nyttår startar
seriesjakken
oppatt der Masfjorden sitt førstelag skal spela bortekamp mot Bergens
sitt andrelag i førstedivisjon, andrelaget vårt skal til Voss. Begge desse kampane går søndag 14. januar. Allereide 9. januar set Odd, Bjørn
og Evy seg på flyet til Praha for å delta i ei større internasjonal
turnering der. Med følge av spelarar frå
Sotra
og Bergens har me tru på at dette vert ein fin tur med mange fine
opplevingar både på brettet og rundt i Praha.
Januar vert avrunda med
Gunnar
Halvorsens Minneturnering på Sandnes skule. Her er det no over 30
påmelde spelarar. For dei som vurderer å delta og treng
overnatting, gjer me merksame på at nokre av
overnattingstilboda begynner å fyllast opp.
|
| Rating |
21.12.2006 |
Me har mottatt nye
ratingtal for
deltakarane i klubbturneringa.
|
|
Klubbturnering |
20.12.2006 |
Klubben gratulerer Alexander som klubbmester 2007. Med wo-remis i dag sikra han sigeren med eitt halvt poengs margin til
fjorårets vinnar, Odd. Då Arn-Tore ikkje rakk dagens rundeoppsett, var
det duka for revansjeoppgjer mellom Odd og Evy på første bord. Her vart
det som sagt siger til Odd. På tredjeplass kom Odd Helge etter siger mot
Lisbeth i dagens runde. I gruppe B sigra Sigve med 2,5 poeng. På
andreplass, berre eitt halvt kvalitetspoeng bak, kom May Frida. Renate
tok tredjeplassen. Komplett resultatliste
her.
|
|
Klubbturnering |
16.12.2006 |
På førstkommande onsdag er det klart for 5. og siste
runde i årets
klubbturnering. Alexander har før siste runde eitt poengs leiing på
Evy, Odd og Arn-Tore. I gruppe B har Sigve eitt halvt poengs leiing på
Lisbeth, Renate og May Frida. Dei tre best plasserte i kvar gruppe vil
bli premiert. Etter dette tar Masfjorden SK juleferie. For dei som
ynskjer å spela konkurransesjakk dei neste vekene, kan me anbefala
Bergens
Schakklub si
romjulsturnering.
|
|
Masfjorden SKU |
12.12.2006 |
Heimesida til Masfjorden SKU er på plass igjen på nett.
Nyheter og informasjon om Masfjorden Sjakklubbs Ungdom vil frå no av bli
lagt ut på denne adressa:
www.masfjordensku.no
|
|
Vestlandsserien 06-07 |
11.12.2006 |
Bergens 4 vant 3 1/2 -1 1/2 mot Bergens 3 i den andre
kampen i Vestlandsserien Nord 2. divisjon i går. Det viser seg og at
Bergens har meldt på eit nytt lag i denne avdelinga. 2. divisjon består
no av 6 lag, og det vert då ikkje wo i 3. runde som det står i oppsettet
for andre laget vårt. Det blir heimekamp mot Bergens 5 den 11. februar.
|
|
Vestlandsserien 06-07 |
10.12.2006 |
I dagens framskutte 1. rundekamp i første divisjon, vann
Masfjorden 1 komfortabelt 4-2 over Sotra 1. Dag, Stig, Arn-Tore og
Torkel tok alle heilpoeng i sine parti, mens Olav og Odd måtte gje tapt
i sine parti. I kampen mellom Masfjorden 2 og Sotra 2, vart
sluttresultatet 3-2 til Sotra 2. Andreas og Odd Helge tapte på 1. og 2.
bord, mens Alexander og Lisbeth spelte remis. Sigve sigra på 5. bord.
Individuelle resultat og tabell finn de
her.
Bilder.
|
|
Vestlandsserien 06-07 |
08.12.2006 |
På førstkommande søndag tjuvstartar førstelaga til
Masfjorden og Sotra 1. divisjon i Vestlandsserien Nord. I år er Masfjorden
SK tilbake i 1. divisjon. Der har me ikkje vore sidan sesongen 1998-99.
Samtidig speler Masfjorden 2 mot Sotra 2 i første runde av
Vestlandsserien Nord 2. divisjon. Begge desse kampane går på Sandnes
skule på Masfjordnes med start klokka 12:00.
|
|
Bergen Grand Prix |
04.12.2006 |
Stig K. endte på 3. plass med 4 av 5 poeng i
Bergen Grand Prix. I gruppe B vart det tap i begge søndagens parti
for Alexander. Med 2 poeng vart det til slutt 7. plass. Komplett
resultatliste finn de
her.
|
|
Bergen Grand Prix |
02.12.2006 |
I gruppe A i
Bergen Grand Prix har Stig K. Martinsen tatt leininga med 3 av 3
poeng i sin første turnering som Masfjorden SK-spelar. I 4. runde skal
han møta Kjetil Stokke. I gruppe B har Alexander Kårdal 2 poeng etter wo
remis i 1. runde, siger mot Berge Frimanslund (1125) i 2. runde og remis
mot Erlen R. Blom (1274) i 3. runde. Alexander skal spela mot Jostein
Sørhus i 4. runde.
|
|
Klubbturnering |
30.11.2006 |
Alexander leiar klubbturneringa med 4 av 4 poeng etter
gårsdagens siger mot Evy på førstebordet. På 3 poeng finn me Evy, Odd og
Arn-Tore. I gruppe B har Sigve tatt leiinga med 2 poeng. Lisbeth, Elin
og May Frida fylgjer tett bak med 1,5 poeng. Komplett resultatliste finn
de
her.
|
| NM i sjakk for ungdom 2007 |
26.11.2006 |
Kjetil Andås sikra seg med siger i siste runde andre
plass totalt i klasse G i NM for ungdom. Dette er den beste plasseringa
av ein Masfjording i NM for ungdom. I klasse D tok Sigve Haugsdal ein
svært sterk femte plass. Grunna tekniske problem på server har me ikkje
fått oppdatert i helga. Me vil få oppdatert tabellen med motstandarar og
poengscore for alle vår spelarar i løpet av måndag.
|
|
NM i sjakk for ungdom 2007 |
23.11.2006 |
På fredag set 22 spelarar med foreldre og leiarar kursen
mot Bergen og
NM
i sjakk for ungdom. Masfjorden SKU har deltakarar i alle dei 7 ulike
klassane. Totalt er det godt over 300 spelarar frå heile landet som skal
kjempa om poeng, pokalar og retten til å representera Noreg i Nordisk
mesterskap neste år. Me vil prøva å oppdatera
tabellen med resultat og motstandarar for alle våre spelarar minst
ein gong pr. dag.
|
|
Klubbturnering |
15.11.2006 |
Etter 3 runder er Evy og Alexander i føringa med full
pott. I kveldens runde vart det siger for Evy med kvit over Odd på
første bord, Alexander vann på andrebord mot Odd Helge. Bak desse to
jaktar Arn-Tore med 2,5 poeng etter siger mot Torkel i kveld. Komplett
resultatliste finn de
her.
|
|
Klubbturnering |
13.11.2006 |
På onsdag er det klart for tredje runde av
klubbturneringa. Oppmøte er som vanleg frå klokka 1815 til klokka 1840.
|
|
Masfjorden BGP/UGP IV 2006 |
12.11.2006 |
Bergens og Åsane stakk igjen av med førsteplassane i
Masfjorden. Turneringa var den største av dei fire me har arrangert i
år, med godt over 50 barn og unge. Masfjordspelarane sikra seg 2. og 3.
plass både i kadett og lilleputt. resultatlister finn de
her.
|
|
Masfjorden BGP/UGP IV 2006 |
11.11.2006 |
Det er no
47 påmelde
til BGP/UGP turneringa på Sandnes skule i morgon. Dette er den siste
turneringa i Hordaland for born og ungdom før årets
NM
for ungdom startar i Bergen om 2 veker. For dei som ikkje har
bestemt seg om dei vil delta enda, er det mogleg å melda seg på ved
oppmøte innan klokka 10:45 i morgon tidleg. 1. runde startar klokka
11:00.
|
| Telioserien |
09.11.2006 |
I morgon startar første runde av Telioserien. Alle 10
lag er samla på Haraldsheim Vandrerhjem i Oslo. Det vil bli sendt 1 kamp
live frå kvar runde. Sjå melding under for fleire detaljar.
|
Til sjakkpressen
I morgen fredag kl 18.00 starter Telioserien, se
www.sjakk.no/telioserien. Innen kl 17.30
fredag må lagene levere inn lagoppstilling for
helgens tre runder. NSF tar sikte på å publisere
disse på Telioseriens hjemmesider kort tid etter
dette. Vi tar også sikte på å få lagt ut av
resultater på hjemmesiden fortløpende.
I hver runde vil én kamp bli overført direkte på
http://live.sjakk.net. I første runde blir
dette Bergens mot OSS. I andre runde (lørdag kl
14) blir det Porsgrunn mot Oslo Vest som
overføres direkte. Søndagens nettkamp
(spillestart kl 10) blir Akademisk mot Asker.
Tilskuere er meget velkomne på spillestedet
Haraldsheim Vandrerhjem på Sinsen i Oslo. Der
kan man følge alle fem kampene direkte, ikke
bare den ene som sendes hos Live Chess Norway.
Torstein
|
|
|
|
|
| NM for ungdom |
08.11.2006 |
Tilsaman 23 spelarar frå Masfjorden SKU er påmelde til
årets
NM i sjakk for ungdom som startar i Bergen om dryge 2 veker.
Klubben har spelarar i alle 7 klassane. Det er lagt ut turneringstabell
for våre spelarar under linken
Tabell oppe på sida. Kvar enkelt av spelarane har fått si eiga side
som me vil prøva å oppdatera undervegs i turneringa. Desse finn de ved å
klikka på namna i tabellen.
|
| Masfjorden BGP/UGP IV |
03.11.2006 |
Masfjorden BGP/UGP IV er flytta frå laurdag 11. november
til sundag 12. november. Informasjon og skjema for påmelding er lagt
ut her.
|
| Klubbturnering |
01.11.2006 |
Dagens runde i
klubbturneringa samla 16 spelarar. Oppgjeret mellom dei to juniorane
Evy og Andreas på første bord, var det partiet det var knytt størst
spaning til. Det enda til slutt med siger til Evy. På alle dei andre sju
borda vart det favorittsigrar. Sjå komplett resultatliste
her.
|
| Bronstein Cup |
01.11.2006 |
På førstkommande laurdag arrangerar
Sotra
Sjakklubb den etterkvart så tradisjonsrike Bronstein Cup. Dette er
ein urata hurtigsjakkturnering der alle spelar i ei gruppe.
Betenkningstida er 25 min. per spelar per parti. Meir informasjon finn
de
her.
|
| Klubbturnering |
31.10.2006 |
I morgon er det klart for andre runde i årets
klubbturnering. Oppmøte og registrering er frå klokka 1815 til 1840.
Blir de sein til runden men veit de skal delta, gje beskjed på tlf 47
39 80 90 før klokka 1840.
|
| Seriesjakken |
31.10.2006 |
For første gang i norsk sjakkhistorie, er det klart for
ein landsdekkande eliteserie i sjakk,
Telioserien 2006-2007. 10. november klokka 1800 startar første runda
av
Telioserien. Det er totalt 10 lag som utgjer denne serien. Frå
Hordaland er
Bergens
kvalifisert til deltakelse.
|
| Rating |
30.10.2006 |
Ratinglister per oktober 2006 er lagt ut
her.
|
| Bergen BGP |
22.10.2006 |
Det var svært god deltaking i
Bergen BGP laurdag 21. oktober. Dette på tross av at det berre
stillte opp 2 spelarar frå Masfjorden. Andreas og Alexander spelte
begge i kadettklassen. Andreas tok ein sterk andreplass med same
poengsum som vinnaren, Joachim B. Nilsen frå Bergens. Alexander vart nr.
5 etter blant anna siger mot Anita Grønnestad.
|
| Utnemning av kretsdommar |
22.10.2006 |
Bjørn H. Benjaminsen vart 21. oktober utnemnd til
kretsdommar i sjakk. Bjørn er førebels klubben sin einaste autoriserte
kretsdommar. Odd, Odd Helge, Lisbeth og Alexander deltok alle på
kretsdommarkurset 7.-8. oktober, og vil ta aktivt del i
turneringsleiinga i klubben framover.
|
| NM for skulelag 2007 |
20.10.2006 |
USF har tildelt NM for skulelag 2007 til Masfjorden SKU.
Meir informasjon om arrangementet kjem seinare. Med dette vil
NM for ungdom 2006,
NM for
jenter 2007 og NM for skulelag 2007 alle gå i Hordaland. For dei som
ikkje klarar å venta på desse arrangementa for å spela sjakk, minner vi
om
Bergen BGP i morgon på Nordnes Bydelshus.
|
| Årsmøte Masfjorden SKU |
20.10.2006 |
Referat frå tirsdagens årsmøte i Masfjorden SKU finn de
her.
|
| Klubbturnering |
11.10.2006 |
Det vart ingen store sensasjoner i første runde i
klubbturneringen. Av ratingfavorittane var det kun Bjørn som ikkje tok
heilpoenget. I kveldens lengste parti vart det tilslutt poengdeling
mellom han og May Frida. Alle resultata finn de
her.
Dagens første runde i klubbturneringen samla 13 spelarar på Sandnes
skule. I tillegg er det 4 som er påmelde, men ikkje kunne stilla i dag.
|
| Årsmøte i Masfjorden SKU |
11.10.2006 |
Då det kun var 6 frammøtte til årsmøte i går, vart det
erklært beslutningsudyktig. Ny møtedato er tirsdag 17. oktober klokka
20:00 på Sandnes skule.
|
| Årsmøte i Masfjorden SKU |
10.10.2006 |
Årsmøte for Masfjorden sku startar i kveld klokka 20:00
på Sandnes skule. Alle foreldre til medlemmar i klubben har stemmerett
på årsmøte.
|
| KM for ungdom |
08.10.2006 |
Informasjon og liste over påmelde til KM for ungdom er
lagt ut her.
|
| Rating |
06.10.2006 |
I forbindelse med
klubbturneringen som startar på førstkommande onsdag, har me henta
inn oppdaterte ratingtal på spelarane våre. Desse viser gledelig
framgang på dei aller fleste aktive i klubben. Etter ein svært bra
Landsturnering,
har Odd passert 1700 i nasjonal rating. Kjersti er ein av dei andre som
kan seie seg nøgd etter sommarens tur til Moss. Ho plussa på 197 poeng
der. Andreas og Evy gjorde gode ratingfangstar både i
Landsturneringen og i
Bergen Sommer NVGP. Lista over oppdatert rating på dei aktive
spelarane i klubben kan de sjå
her.
|
| Kretsdommarkurs |
06.10.2006 |
Kretsdommarkurset startar i morgon, lørdag 7/10. Oppmøte
er klokka 12:00 på "Gamleheimen" som ligg på oppsida av vegen ved
Sandnes skule på Masfjordnes. Alle som skal overnatte må ta med
dyne/putetrekk og laken.
|
| Vestlandsserien |
05.10.2006 |
Masfjorden sjakklubb har også i år meldt på 2 lag i
Vestlandsserien. Det er i skrivande stund uklart om 1. laget skal spela
i 1. eller 2. divisjon.
|
| Klubbturnering |
30.09.2006 |
Informasjon om klubbturneringa for 2006 finn de
her.
|
| Masfjorden BGP/UGP III 2006 |
30.09.2006 |
Dagens BGP/UGP samla 42 små og store sjakkspelarar på Sandnes skule.
I junior var det som vanleg Kjetil Stokke, Fana som stakk av med sigeren.
Kadett vart vunnet av Katrine Tjølsen, Bergens. Elis Demac, Bergens, kom
på andre plass mens Alexander Kårdal, Masfjorden, tok tredje plassen
blant 10 kadetter. Kadett og junior spelte saman.
Daniel Sandvik, Åsane,
var suveren med 5,5 poeng av 6 i lilleputt. På andre plass kom Sigve
Haugsdal, Masfjorden, og Jørgen Hoel, Bergens kom på tredje plass.
I
miniputt var det heile fire spelarar med 4 poeng i delt ledelse før
siste runde. 3 av desse vann partia sine og enda då på 5 poeng av 6.
Etter kvalitetberekning vart då pallen sjåande sånn ut: Vinnar Håvard D.
Lund, Åsane. Andre plass gjekk til Øyvind S. Eliassen, Åsane.
Tredjeplass til Andreas N. Sjøen frå Sevland.
Komplette resultatlister
finn de
her.
|
| 29.09.06 |
Det er no 30 påmelde til morgondagens BGP/UGP på Sandnes skule,
Masfjordnes. Oppmøte og registrering er frå klokka 1000 til klokka 1045.
1. runde startar klokka 1100, premieutdeling ca 1645.
|
| 24.09.06 |
Siste runde i
NM for
Juniorlag enda med eit nytt tap, 0,5-3,5 for Modum. Halvpoenget kom
ved Alexander på 3. bord. Det vart til slutt ein noko skuffande 14.
plass på juniorane til klubben. Andreas vart lagets topp scorar med 3 av
6 poeng.
Tabellen er oppdatert med alle resultata. Endeleg resultatliste finn
de
her.
|
| 24.09.06 |
I 4. runde av
NM for Juniorlag vart det siger 2,5-1,5 mot 1911 sitt andrelag.
Andreas og Alexander tok heilpoeng, Torkel spelte remis på 1. bord. 5.
runde vart noko magrare for våre spelarar. Laget tapte 1-3 mot Ossu 2.
Torkel og Andreas spelte remis på 1. og 2. bord.
Tabellen
er oppdatert med individuelle resultat.
|
| 23.09.06 |
I tredje runde vart det tap 0,5-3,5 mot sterke Nordstrand som var
klare ratingfavorittar på alle bord. Andreas (1309) tok eit halvt poeng
mot Maria Pitz Jacobsen (1623) på 2. bord.
|
| 23.09.06 |
Det vart tap 1,5-2,5 i andre runde mot Stavanger 2 i
NM for
Juniorlag. Sveinung vant på 4. bord, Torkel spelte remis på 1. bord,
mens Andreas og Alexander tapte på 2. og 3. bord.
Tabellen
er oppdatert med andre runde. Ved å klikka på namna får de opp
individuelle resultat.
|
| 22.09.06 |
I første runde av
NM for
Juniorlag møtte laget vårt Stavanger 4. Dette endte med ein grei 3-1
siger til våre juniorar. For individuelle resultat, sjå
tabellen.
|
| 22.09.06 |
I dag startar
NM for
Juniorlag i Stavanger. Blant 16 påmelde lag er det eit frå
Masfjorden. Torkel, Andreas, Alexander og Sveinung skal kjempa om poeng
i 6 rundar i løpet av helga. Me satsar på fortløpande oppdateringar i
tabellen
som me har lagt ut for laget vårt. Meir info om turneringa finn de hos
Stavanger
sjakklubb.
|
| 16.09.06 |
12 dagar før påmeldingsfristen går ut, er det framleis 5-6 ledige
plassar på
kretsdommarkurset. Ta kontakt på e-post:
bjornben@hotmail.com eller
telefon: 47 39 80 90 om de har spørsmål eller vil melda dykk på.
|
| 16.09.06 |
Masfjorden SK og Masfjorden SKU arrangerer
Gunnar Halvorsens Minneturnering
siste helga i januar 2007. Informasjon og liste over påmelde finn de
via linkane til venstre. Meir informasjon om ulike overnattingstilbod
vil me legga ut etterkvart som dei blir klar. Det vil og bli tilbod om
frukost for dei som ynskjer dette.
|
| 04.09.06 |
Siste helga i haustferien vil Hordaland sjakkrets i samarbeid med
Masfjorden sjakklubb arrangera kretsdommarkurs i sjakk på Sandnes. Les
invitasjonen
her.
|
| 27.08.06 |
Sist fredag var det ein liten reportasje på NRK Hordaland sin
morgonsending frå Sandnes skule om jentesjakk i Masfjorden. Reportasjen
ligg på heimesidene til NRK Hordaland. Når sendinga startar, spolar de
fram til akkurat 49 min. Då startar det aktuelle innslaget. Ved å fylgja
linken under kjem de direkte til den rette sendinga.
Morgen
25.08.06 06-03
|
| 24.08.06 |
Referat frå mandagens styremøte finn de under
arkiv.
|
| 18.08.06 |
Styret skal ha møte på førstkommande mandag. Har nokon saker dei
ynskjer at styret skal ta stilling til, ta kontakt med
styret snarast.
|
| 12.08.06 |
Årets utgåve av
NM i cafesjakk gjekk av stabelen på Sardinen i går kveld med 102 deltakarar. Blant desse var det 11 frå Masfjorden SK. Dag Orseth kom på
delt førsteplass med 5,5 av 6 mogelege poeng, men måtte sjå seg slått av
stor-favoritten GM Simen Agdestein i stikk-kamp. Arn-Tore Haugsdal vart
nest best av våre med 4 poeng og 23. plass.
| |
Poeng |
Plass |
| Dag Orseth |
5,5 |
2 |
| Arn-Tore Haugsdal |
4,0 |
23 |
| Odd Birkestrand |
3,5 |
38 |
| Andreas Kvinge Hindenes |
3,0 |
56 |
| Odd Helge Birkestrand |
3,0 |
57 |
| Stian Borgen |
2,5 |
73 |
| Bjørn H. Benjaminsen |
2,0 |
76 |
| Evy Færevaag |
1,5 |
89 |
| May Frida Øvergaard |
1,5 |
92 |
| Sigve Haugsdal |
1,0 |
97 |
| Marius Johansen |
1,0 |
99 |
|
| 12.08.06 |
Begge juniorane gjekk på tap i sisterunde av årets Bergen Sommer
NVGP. Evy tapte mot Kristian R. Johansen (1521), Andreas mot Øyvind
Riisem (1975). Dermed enda Evy på 3,5 av 6 mogelege poeng og 8. plass
blant 20 deltakarar i gruppe A. Andreas enda på 3 poeng og 10. plass.
Begge fekk ratingprestasjonar rundt 1700 og fin ratingframgang. I gruppe
B sat Bjørn i rundens lengste parti mot Jarle Solli (1284). Dette enda
til slutt med vinst til Bjørn, 4 poeng totalt og 6. plass blant 20
deltakarar. Komplett
resultatliste finn de på
Sotra
SK sine heimesider.
Tabellen er oppdatert med alle resultata. Sisterundens parti kan
spelast gjennom
her.
|
| 10.08.06 |
Poengfangsten til klubben sine juniorar forsatte i dag i stor stil.
Andreas vann mot Elias deMac (1640), mens Evy spelte remis mot Joachim
B. Nilsen (1570). Fullt så bra gjekk det ikkje i B-gruppa med Bjørn.
Ivrig etter å følga opp dei gode resultata dei siste dagane, vart han
for ivrig og tapte mot Erlend R. Blom (1160). Før siste runde står Evy
med 3,5 poeng, Andreas og Bjørn med 3 kvar.
Tabellen er oppdatert med dagens resultat. Dagens parti kan spelast
gjennom
her.
|
| 09.08.06 |
I dagens runde av
Bergen Sommer NVGP sto Evy for den største prestasjonen så langt i
turneringa då ho med svart slo Øyvind Riisem (1975). Med dette er ho
oppe på 3 av 4 poeng. Andreas gjekk på sitt første tap i turneringa i
partiet mot Joachim B. Nilsen (1540). I gruppe B tok Bjørn sitt tredje
strake heilpoeng etter siger mot Leif E. Nilsen (1275).
Tabellen er oppdatert med resultat og motstandarar for neste
runde. Dagens parti kan spelast gjennom
her.
|
| 08.08.06 |
I tredje runde av
Bergen Sommer NVGP vart det tap for Evy (1216) mot Benjamin Arvola
(1545). Andreas (1309) spelte remis mot Kristian R. Johansen (1521). I
gruppe B tok Bjørn ein ny siger mot urata Henrik H. Iversen frå Åsane.
Totalt har alle tre 2 av 3 mogelege poeng.
Tabellen er oppdatert med dagens resultat. Dagens parti kan spelast
gjennom
her.
|
| 07.08.06 |
Klubben sine spelarar fortsatte den gode poengfangsten i andre runde
av
Bergen Sommer NVGP. Evy (1216) vann mot Erling Gatland (1607) mens
Andreas (1309) spelte remis mot Rune Salomonsen (1732). Bjørn vann
partiet sitt mot Håvard D. Lund frå Åsane. Dermed står spelarane våre
med 4,5 poeng av 6 mogelege etter to runder. I morgon blir det
toppoppgjer for Evy i gruppe A mot Benjamin Arvola (1545) frå Kirkenes.
Sjå
tabellen for enkeltresultat for spelarane. Partia frå andre runde er
tilgjengeleg for
gjennomspeling på nett.
|
| 06.08.06 |
Dagens førsterunde i
Bergen
Sommer NVGP vart svært positiv for Andreas og Evy som begge spelar i
gruppe A. Begge to bokførte vinst mot spelarar med rating godt oppe på
1600-talet. Bjørn kom godt ut av opninga i sitt parti, men med ein rein
offisersbukk i slutspelet vart det tap mot Bård Fadnes. Resultat og
motstandarar til kvar enkelt av spelarane våre finn de i
tabellen.
|
| 05.08.06 |
I morgon startar sesongens første NVGP-turnering i Bergen.
Bergen Sommer NVGP har i skrivande stund 38 påmelde deltakarar i to
ulike grupper. Frå Masfjorden deltar Andreas i gruppe A, Evy og Bjørn i
gruppe B. Sotra SK vil bringa nyheter
og alle resultata frå turneringa. Me har laga ein
tabell for våre spelarar. De kan sjekka resultat og motstandarar
for kvar einskild av dei ved å klikka på namna. Denne vert lagt ut under
linken
tabell
oppe på linklista vår.
NM-tabellen er flytta til klubben sin
resultat side.
|
| 19.07.06 |
6. august startar sesongens første Grand Prix-turnering i Bergen.
Bergen Sommer NVGP går over 6 dager med ei runde per dag. Per i dag
er det 16 påmeldte, 2 av desse frå Masfjorden SK.
|
| 17.07.06 |
Laurdag vart årets
Landsturnering avslutta med 9. runde og premieutdeling. Yngve Rasdal
tok ein svært overbevisande andreplass med 7,5 poeng blant 57 spelarar i
klasse 4 . Han vart med dette klubben sin toppscorar.
Odd Birkestrand møtte FM Ragnar Hoen i siste runde i senior A, dette
endte med tap for vår leiar. Med 5 poeng totalt og sjuandeplass til
slutt i tillegg til tredjeplass i NM i lynsjakk, var Odd godt nøgd med
turneringa.
I klasse 5 kom Kjersti S. Holmaas sterkt tilbake etter ein treg start.
Med 5 strake sigrar på dei 5 siste partia enda ho på åttandeplass av
totalt 34 spelarar. NM i Moss er den beste i klubben sin historie med
gode plasseringar og ratingframgang for dei fleste av spelarane våre.
NM-tabellen
vår er oppdatert med resultat og motstandarar for alle spelarane
våre.
|
| 13.07.06 |
Når det står att 2 rundar i årets Landsturnering, er Yngve
framleis klubben sin toppscorar med 5,5 av 7 poeng.
NM-tabellen er no oppdatert med resultata for alle Masfjorden SK
sine spelarar. Ved å klikka på spelarane sine namn, finn ein kvar
einskild sine resultat.
|
| 11.07.06 |
Etter fem runder i Landsturneringen er Yngve klubben sin toppscorar
med 4 av 5 mulige poeng. For alle resultat sjå
NM-tabellen.
|
| 05.07.06 |
På gårsdagens treningsøkt vart det avvikla ein uformell lynturnering
med 6 deltakarar. Denne vann Yngve med 5 av 5 mulige poeng. Korleis
Yngve og dei 16 andre spelarane frå klubben gjer det i årets
Landsturnering,
kan de fylgja i
NM-tabellen.
|
| 02.07.06 |
Andreas K. Hindenes er ein av 13 nye norske spelarar på FIDE sin
ratingliste for juli. Han har etter 14 spelte parti fått ratinga 1624.
|
| 02.07.06 |
Dei fleste av klubben sine deltakarar i Landsturneringen var samla
på Møteplassen kafè i går til litt lynsjakk og planlegging av turen. Det
blir og ei treningsøkt på skulen førstkommande tirsdag klokka 18:00 for
dei som ynskjer det.
|
| 26.06.06 |
Klubbens stiftar og leiar, Odd Birkestrand, mottok 17. mai Kongens
fortenestemedalje i sølv. Meir om dette på
Masfjorden SKU.
|
| 22.06.06 |
|
Drøye to veker før
Landsturneringen startar i Moss, er 17 spelarar frå Masfjorden
påmelde.
|
Klasse |
|
Rating |
|
Mester |
Arn-Tore
Haugsdal |
2020 |
|
Klasse 3 |
Odd Helge
Birkestrand |
1343 |
|
Klasse 3 |
Evy
Færevaag |
1216 |
|
Klasse 4 |
Yngve
Rasdal |
1133 |
|
Klasse 4 |
Magnus K.
Tande |
1056 |
|
Klasse 4 |
Bjørn H.
Benjaminsen |
1002 |
|
Klasse 4 |
Trude
Birkestrand |
|
|
Klasse 5 |
May Frida
Øvergaard |
834 |
|
Klasse 5 |
Kjersti S.
Holmaas |
691 |
|
Senior A |
Odd
Birkestrand |
1645 |
|
Junior A |
Torkel K.
Tande |
1619 |
|
Kadett A |
Andreas K.
Hindenes |
1309 |
|
Lilleputt |
Sigve
Haugsdal |
871 |
|
Lilleputt |
Ingrid K.
Tande |
719 |
|
Lilleputt |
Renate S.
Holmaas |
639 |
|
Miniputt |
Vera
Haugsdal |
|
|
Miniputt |
Nina
Færevaag |
|
|
|