NM for ungdom 2010 (21.11.10)
Masfjorden SKU hadde i helga med 4 spelarar i NM for ungdom på Fagernes. Sigve og Andreas i klasse B (15-16 år) gjorde begge ei god turnering og tok poeng mot høgare rata motstand. Etter fire strake sigrar var Sigve litt uheldig og møtte den nest høgaste rata i klassen i siste runde, likevel ser det ut til å bli ein framgang på omlag 30 poeng. Andreas kan vera svært nøgd og ser ut til å få plussa på 150.

Etter ein tung start heva Håvard seg og tok 2.5 poeng på dei tre siste rundane, Kjetil avslutta med siger og eit resultat på det jamne - begge presterte rundt eiga rating. Saman med Sigve frå Ostereidet spelte dei i klasse C (13-14 år).
BGP siger i Bergen (14.11.10)
Etter lite å skriva heim om i BNBank blitz på lørdag, tok Kjetil revansj på søndag. 5.5 av 6 poeng og siger i lilleputtklassen i Bergens Kursavslutnings BGP/UGP.

Til helga er det NM for ungdom på Fagernes, frå Masfjorden deltek Sigve, Kjetil, Andreas og Håvard.
Svak start i serien (07.11.10)
Førstelaget fekk det som venta tøft i første kamp i 1. divisjon. Nordnes vart for sterke og sigra 5 - 0, størst sjanser til poeng hadde me på 1. og 3. bord ved Arn-Tore og Yngve.

Andrelaget tapte 1 - 3 for Bergens 6 i 2. divisjon. Sigve Hølleland og Kjetil spelte remis på 2. og 3. bord.
Ostereidet BGP/UGP (07.11.10)
Ostereidet SKU arrangerte ei flott turnering på barneskulen. Sigve Hølleland på tredjeplass i kadett og Kjetil på fjerde i lilleputt var dei beste frå Masfjorden. Resultatlister.
KM for ungdom 2010 (24.10.10)
Masfjorden SKU hadde med 3 spelarar og Masfjorden SK ein i KM for ungdom i Bergen søndag 24. oktober. Sigve Hølleland vart krinsmeister i klasse C og Sigve Haugsdal tok 3. plass i klasse B. Resultatlister.

Turneringar dei neste månadane
Odd reiser i desse dagar til Italia for å spela VM for seniorar. Neste lørdag (30/10) er det Bronstein Cup på Sotra. Søndag inviterer Ostereidet SKU til BGP/UGP turnering på Osteriedet barneskule. Seriesjakken starter opp 7. november, Bergens arrangerer "kursavslutnings" BGP 14. november og 19. - 21. november er det NM for ungdom  på Fagernes (nokre av dei eldste spelarane våre skal vera med).
NM for lokallag (12.09.10)
Kjetil og Sigve spelte i helga for Bergens 2 i NM for barne- og juniorlag i Hokksund. Sigve med 2 av 5 og Kjetil med 2.5 av 5 poeng var mellom anna med på å slå vinnarane OSS 1 i første runde, med eit tap, 3 uavgjorte og ein siger i dei 5 neste rundane plasserte dei seg til slutt på 8. plass av 16 lag. Bergens 1 tok tredje- plassen bak Stavanger 1 og nemnte OSS 1. Resultatlister.
Nordisk for jenter 2010 (29.08.10)
Lisbeth representerte i helga Norge og Masfjorden i Nordisk meisterskap for jenter på Island. Som ei av dei lågast rata vart det ei tøff turnering for Lisbeth, ho måtte ta til takke med sisteplass i eldste klasse. I yngste klasse vann Norge gullmedalje ved Jarani Sunthralingam. Resultatlister finn du her.
Open de Sants (29.08.10)
Sluttrapport frå Barcelona Open:

Satsa knallhardt på vinst mot ein italienar med 1983 i siste runde og fekk opp ei kjempestilling i fransk etter opninga. Enten spelte han så knallgodt eller eg dårleg
- i alle fall kom han seg på mirakuløst vis ut av alle problem og utlikna.

Remis og 3.5p skal eg vel kanskje vera tilfreds med mot eit snitt på 2060 , sjølv om eg hadde litt større ambisjonar undervegs. Men når du er heilt på bærtur med svart, får det vera greitt....
Open de Sants (28.08.10)
Odd deltar for tida i ein av Europas største turneringar, Open de Sants i Barcelona. Nye rapportar kjem frå varmare strok dagleg:

Rapport frå 9. runde:

Så vart dette turneringa der eg tapte alle dei svarte partia! Rota i opninga(1.Sf3), sjølv om eg var veldig fokusert på å unngå nettopp det. Lurte på om eg hadde fått heteslag då eg såg kva eg hadde gjort...
 
No gjenstår det berre å ta poeng imorgon, slik at eg har gjort det i alle dei kvite partia...


Rapport frå 8. runde (27. august):
 
Vant i dag mot 2027- siciliansk med c3 som eg har spelt i alle dei 4 kvite partia og tatt poeng i samtlege. Men så har eg då tapt alle dei 4 svarte...

Veldig spennande og skiftande i dag- kom litt trangt ut og måtte slita før eg klarte å opna opp og ta han taktisk.

Og berre så det skal vera heilt klart: Her går det ikkje berre i sjakk- eg brukar litt tid på kultur óg: bildet tok eg på utsida av Barca stadion!
 
Open de Sants (26.08.10)
Odd deltar for tida i ein av Europas største turneringar, Open de Sants i Barcelona. Nye rapportar kjem frå varmare strok dagleg:

Rapport frå 7. runde:
 
Spelte spansk mot ein spanjol på 2025(har vore mykje høgare, men er på veg ned, utan at eg fekk nyta godt av det...
 
Triksa frå han ein kvalitet i midtspelet, men så fekk han aktivisert offiserane og kom rullande mot kongestillingen, plukka nokre bønder, og då røyken begynte å leggja seg, var eg sjanselaus.
 
Vel, vel- optimist som eg er, tenkjer eg at eg enno kan oppnå 5poeng og går for det. Snittet mitt etter 7 rundar er 2081- no må eg vel få litt enklare motstand etter kvart...

Open de Sants (25.08.10)
Odd deltar for tida i ein av Europas største turneringar, Open de Sants i Barcelona. Nye rapportar kjem frå varmare strok dagleg:

Rapport frå 6. runde:
 
Prøvde hardt å vinna med kvit idag- siciliansk med c3 igjen mot ein spanjol på 2043. Spelte han ned posisjonelt, men han forsvarte seg eminent då eg sette inn kongeangrepet. Dermed gjekk det i stå, og eg måtte nøya meg med halvpoenget. Veit ikkje heilt, men 2 av 6 mot eit snitt på rundt 2090 må eg vel kanskje vera fornøgd med.
 
Elles har eg aldri vore ute for eit spelelokale med så mykje støy på utsida. Gravemaskinene brøler, hakkar og pip dei 2 første timane- spanjolane har siesta og arbeider til kl. halv sju om kvelden...men det er likt for alle.
(Bildet er frå inngangen til spelelokalet- masfjordspelar i friskt driv...)
Open de Sants (24.08.10) Barcelona
Odd deltar for tida i ein av Europas største turneringar, Open de Sants i Barcelona. Nye rapportar kjem frå varmare strok dagleg:

Rapport frå 4. og 5. runde:
 
I 4.runde slo eg til og vann med kvit mot ein på 2103- siciliansk med c3. Var veldig fornøgd med partiet og meg sjølv og fekk til ei knusande avslutning.
 
Men kor lenge var Adam i Paradis- gjorde for ein gongs skuld ein opningsfeil, med svart mot ein på 2082 idag og gjekk ned med eit brak. No har han rett nok tatt poeng mot ganske gode folk, men litt synd å ikkje få prøvt seg skikkeleg.
Open de Sants (23.08.10)
Odd deltar for tida i ein av Europas største turneringar, Open de Sants i Barcelona. I går mottok vi fylgande rapport:

Kjempa hardt med ein spanjol på 2060 i ein Benkøgambit idag- fanga dronninga hans, men a-bonden gjekk inn til ny dronning til slutt- endte med løpar og 3 bønder for han mot mine 4 bønder og tapt stilling etter mykje moro og spenning undervegs.
 
Igår heldt eg på å fryse forderva i ein spillesal der airconditionen verka i overkant. Kledde meg difor godt idag og hamna i eit lokale der eg heldt på å bli kvalt av varme...
Bergen Sommer NVGP 2010 (05.08.10)
Sigve Hølleland leiar gruppe B etter 4 av 6 runder i turneringa som er ein del av Spillfestivalen i Bergen denne veka. Kjetil H. Andås har 1.5 poeng så langt. Dei to siste rundane går torsdag og fredag.
Masfjorden SK deltar i Tromsø og Danmark (30.07.10)
Arn-Tore Haugsdal - Arctic Chess Challenge - og Tore-Inge Bratteteig - Politiken Cup - representerer Masfjorden i dei to største turneringane i Norden i desse dagar. Begge turneringane starter i dag (31/7) går over 9 rundar og vert avslutta 8/8-10.
Landsturneringen (10.07.10)
Sluttrapport:
 
Yngve(1378) vart den store helten blant Masfjorden sine håpefulle. Med ein knusande siger over leiar av klassen før siste runde, gjekk han heilt til topps i klasse 3 med 52 deltakarar. Ratingprestasjonen var 1621, og Yngve gjorde sin beste prestasjon ved sjakkbrettet så langt i karrieren.
 
Sigve(973) fekk óg ei flott plassering med 3.plass av 14 i kadett B og ëin ratingprestasjon på 1112.
 
Kjetil(1218) fekk 4p. og 17.plass av 26-ratingprestasjon 1200- og hamna nok eit stykke lengre nede enn det både han og vi hadde håpt på, mens Odd(1885) gjorde ei dårleg turnering med 24.pl. av 31 og ratingprestasjon på 1633.
Landsturneringen (9.07.10)
Tradisjonen tru blir det arrangert NM i lynsjakk på Landsturneringa sin nest siste dag. Odd har sendt ein lite rapport frå denne, samt oppsummering av 8. runde i NM.

Yngve vann og ligg eit halvpoeng bak klasseleiaren som han møter imorgon. Med siger vinn han klasse 3. Sigve ligg på 3.plass,eitt poeng bak dei 2 foran og må satsa på å halda pallplassen med vinst imorgon.
 
Kjetil har gått på 2 knappe tap dei siste rundane, men kan med vinst framleis komma inn blant dei 10 beste. Odd overså damevinst for springar idag og må vinna imorgon for å oppnå 50% og komma så nokolunde ut av turneringa.
 
NM i lynsjakk vart suksess for våre to yngste: Sigve tok ein flott 2.plass i klasse 5 og Kjetil delte 5.plassen i lilleputt. Odd mangla 1.5p. på premieplass, etter å ha tatt poeng frå dei 6 premievinnarane så nær som vinnaren, mens Yngve valde å kvila topplokket til den viktige matchen imorgon.

Sigve, 2. pl i klasse 5 Kjetil, 5. pl i Lilleputt
Landsturneringen (9.07.10)
Yngve Det går mot ein spanande avslutning av Landsturneringa for våre spelarar. Odd sendte i går kveld fylgjande rapport frå Fredrikstad:

Yngve held koken og vann knusande idag. Han har vore med i toppen heile vegen- det blir spanande å sjå om han held til mål. Sigve fekk remis, mens Kjetil og Odd gjekk overende- Odd kom dårleg ut, mens Kjetil kjempa lenge og tappert mot han som truleg vinn klasse lilleputt.
Yngve i midten  
Landsturneringen (7.07.10)  
I Fredrikstad fortset den gode poengfangsten på klubben sine deltakarar.

Yngve og Odd spelte i 7 timar idag, og det gav 1.5p.- halvpoenget til Yngve. Sigve mista offiser litt for tidleg og var sjanselaus, mens Kjetil vann eit langt og skarpt parti mot den andre Machlik-jenta frå Tromsø.

Kjetil
  Kjetil
Landsturneringen (6.07.10)  
Etter 5 rundar i Landsturneringa i Fredrikstad, ser det stort sett bra ut for spelarane våre: Sigve Hølleland er best med 4p. og delt 1.plass av 14 i kadett B. I lilleputt er Kjetil på delt 5.plass (26delt.) med 3p,etter eit litt skuffande tap mot rivalen Mathias Sæthre frå Bergens idag, Yngve ligg på delt 2.plass(52) med 4p, og Odd er nr.17 av 31 i senior A.
 
Alle dei 3 førstnemnde blir truleg med i tetkampen også i dei kommande rundane, om dei held fram med det gode spelet dei har vist så langt
Sigve
  Sigve til venstre
Landsturneringen (4.07.10)
Klubben har 4 av medlemmane sine med i årets Landsturnering som for tida går i Fredrikstad. I første runde vart det 75% score, då Kjetil sigra i Lilleputt, Sigve i Kadett B, Yngve i klasse 3. Odd gikk på eit tap i opningsrunda i klasse Senior A. I dagens runde vart det perfekt score då alle saman sigra i sine parti. Mandag er det dobbeltrunde i Fredrikstad med nye moglegheiter for poeng.
Masfjorden BGP I (3.06.10)
Masfjorden BGP går førstkommande laurdag 5.juni- som vanleg på Sandnes skule- med start kl.1100. Registrering frå kl.1000 - 1045. Påmelding kan du gjera her eller på spelestaden laurdag.
BGP turnering i Bergen (21.04.10)
Førstkommande laurdag, 24. april arrangerer Bergens BGP/UGP turnering på Støpeskjeen aktivitetshus i Bergen. Info og påmelding/liste over påmelde finn de her.
Nye offisielle ratingtal (21.04.10)
Forbundet har publisert den offisielle ratinglista for april 2010. På topp i klubben finn me Odd med 1911 i ny nasjonal rating. Det er verdt å merka seg at Odd har gått frå 1519 til 1911 dei siste fem åra. Ein framgang som ein normalt berre ser hos svært aktive juniorspelarar.

Ratinglista for aktive spelarar i klubben finn de her.
Åpent Hordalandsmesterskap 2010 NVGP
Kjetil, Sigve og Tore-Inge spelte i helga sjakk på Sotra, alle i gruppe B for dei med rating under 1500. Sjå resultatlister, bilder, parti og kommentarer på Sotra Sjakklubb sine heimesider.
EM for senior
Odd har nettopp avslutta EM for senior i Hellas. Saman med 2 andre frå Norge forsvarte han dei nasjonale fargane. Utan å få sving på dei svarte brikkene, måtte han sjå seg nøgd med å ta 3 av 4 med dei kvite og alt i alt ei plassering litt under forventa. Resultatlister.
Ostereidet BGP/UGP - perfekt score
Nystarta Ostereidet sjakklubb arrangerte si første turnering for barn og unge lørdag 10.04. Lisbeth frå Masfjorden har i vinter vore instruktør på Ostereidet og stilte opp som turneringsleiar. Kjetil slo til med perfekt score i klasse lilleputt, sjå alle resultatlister her. Bilder og reportasje finn du på heimesidene til Bergens SKU og Ostereidet SKU.
Vestlandsserien 2009/10 - opprykk
Masfjorden sitt 1. lag levde opp til forventa favorittstempel, vann 2. divisjon med klar margin - og er med det klar for 1. divisjon neste sesong. 2. og 3. laget hadde gode enkeltresultat undervegs, men hadde ei svak siste helg. Sjå tabell her.
EM for seniorlag (11.02.10)
For tida deltar Odd i EM for seniorlag som går av stabelen i tyske Dresden. Odd spelar på Noreg sitt 2. lag i denne turneringa. I den sida førsterunden vart det tap 0 - 4 mot Italia. Odd spelar sansynlegvis sitt første parti i dagens andrerunde mot Skottland sitt 2. lag.
Viktig melding frå NSF!(08.12.09)

Kjære sjakkvenn!

Vi oppfordrer dere alle til å gi uttrykk til de politiske myndigheter for din eller din klubb sin støtte til de politiske myndigheter for at sjakk OL i 2014 skal arrangeres på norsk jord i Tromsø. Dette vil bety et enormt løft for sjakken i Norge og innebærer en unik mulighet til å markedsføre det flotte landet Norge er internasjonalt. De politiske myndigheter har saken til behandling og det forventes en snarlig avgjørelse. Det er viktig å markere at dette arrangementet har stor folkelig støtte. Hvis du/dere gir uttrykk støtte til prosjektet ber vi deg gjøre dette via facebook (se link nedenunder), alternativt via en e-post til oss så skal vi sende den videre til rette myndighet. Men tiden er knapp og det er viktig at så mange som mulig gir uttrykk for sin støtte. Dere kan skrive langt hvis dere ønsker det, men det er nok at dere enkelt skriver at dere ønsker/støtter sjakk OL i Norge.

Link til facebook:

http://www.facebook.com/pages/Fa-sjakk-OL-til-Norge/232249169967?ref=nf

 

På forhånd takk for hjelpen og støtten!

Dag Danielsen

Generalsekretær i Norges Sjakkforbund

BNbank Blitz kvalifisering (31.10.09)
I dag vart det spelt innleiande rundar i BNbank Blitz. Her i fylket var det Sotra SK som sto som arrangør på Sartor senter. Kjetil Stokke frå Bergens vann turneringa, og retten til å møta mellom anna Magnus Carlsen i finalen 28. november i Oslo.

Bjørn og Torkel representerte Masfjorden i turneringa. Bjørn fekk 5.5 poeng av 9 mogelege.  Dette gav 5. plass i gruppe A og siger i klasse 4 då turneringa tel i NVGP. Torkel fekk med seg 4 poeng og 6. plass i gruppe A.

Komplette resultatlister finn de her.

Bilder frå turneringa finn de her og her.
Fana BGP II 2009 (22.10.09)
Førstkommande laurdag arrangerer Fana SKU BGP turnering i Sesamhuset på Nesttun. Oppmøte er frå klokka 09.30 til 10.00. Meir info finn de her
KM for ungdom, Hordaland (18.10.09)
Km for ungdom i Hordaland vart spelt i Bergen i går. Som venta dominerte ungdommane frå arrangørklubben Bergens dei fleste av klassane og tok 6 av 7 klassesigrar. Den sjuande, i klasse F gikk til Tollev B. Hølleland som spelar for Masfjorden SKU. Vi gratulerer!

Andre resultat av Masfjordspelarar:
Klasse A: Lisbeth Haugsvær, 3. plass
Klasse C: Sigve Hølleland, 5. plass
Klasse D: Kjetil H. Andås, 3. plass
Klasse G: Bjørnar T. Størkersen, 3. plass og Karstein B. Hølleland, 4. plass

Bilder frå KM finn de her.
Ny treningstid Masfjorden SKU! (14.10.09)
Masfjorden SKU  har fått ny treningstid. Ny tid er torsdagane frå klokka 17.30 til 19.30.
KM for ungdom (13.10.09)
Førstkommande lørdag arrangerer Bergens SKU KM i sjakk for ungdom. KM er kvalifisering til NM i Trondheim i november. Adresse for KM er: Støpeskjeen, Fabrikkgaten 6. Meir info og påmelding finn de her.
Masfjorden BGP/UGP II 2009 (03.10.09)
27 unge sjakkspelarar fann vegen til Sandnes skule i haustværet i dag. Spelarane frå Bergens dominerte alle dei 5 klassane, og tok ikkje uventa 1. plassen i alle saman. Våre eigne spelarar beit og godt frå seg, med pallplass i alle klassane. Frå den nystarta klubben på Ostereidet kom det 3 spelarar. Alle saman viste god sjakkforståelse, og vi kan venta oss mykje god sjakk frå den kanten.

Pallen i dei ulike klassane:
Begynner: 1. Amaile Isabel Merkesvik (Bergens)
  2. Jon Robert Hope (Masfjorden)
  3. Johannes Helland Sand (Ostereidet)
   
Mikroputt: 1. Sondre Merkesvik (Bergens)
  2. Bjørnar T. Størkersen (Masfjorden)
  3. Karstein B. Hølleland (Masfjorden)
   
Miniputt: 1. Adrian Hitland (Bergens)
  2. Matias Birkeland (Bergens)
  3. Ingmund Andvik (Masfjorden)
   
Lilleputt: 1. Mathias Sætre (Bergens)
  2. Kjetil Andås (Masfjorden)
  3. Håkon N. Nordstrøm (Fana)
   
Kadett: 1. Ole Emil Frisvold (Bergens)
  2. Jørgen Hoel (Bergens)
  3. Sigve Haugsdal (Masfjorden

Alle resultata finn de her.
 
Klubbturnering (29.09.09)
I morgon er det klart for andre runde av årets klubbturnering.
Lynsjakk på Sartor senter (25.09.09)
Sotra SK i samarbeid med forbundet inviterer til lynsjakkturnering på Sartor senter 31. oktober. Dette er del av BN-bank Blitz. Vinnaren får dekka tur til Oslo i finalen og vil der møta verdensstjerner som Magnus Carlsen, Hikaru Nakamura, Peter Heine Nielsen og fleire. Sotra SK melder at det er begrensa plass, så ynskjer ein å delta må ein melda seg tidleg.

Meir info finn de her.
Klubbturnering og andre aktiviteter (13.09.09)
Etter eit års pause arrangerer klubben på ny klubbturnering i haust. Opplegget blir som tidlegare: 6 runder Konrad. Tenketida er 90 min på partiet og 30 sek tillegg for kvart trekk. Oppmøte frå klokka 18.15-18-40, partiet startar klokka 18.45. 1. runde blir spelt allerede på onsdag 16. september. Meir info finn de her.

I tillegg til klubbturneringa vil det vera opent hus for alle som ynskjer å komma innom for litt uhøgtidleg aktivitet og prat om sjakk i analyserommet.
Masfjorden BGP/UGP II 2009 (04.09.09)
Lørdag 3. oktober arrangerer Masfjorden SKU BGP/UGP turnering på Sandnes skule. Meir info finn de her.
Sesongstart (03.09.09)
I kveld blir det sesongstart for Masfjorden SKU med trening og 1. runde i barometerturneringa i lynsjakk. Oppmøte blir som tidlegare klokka 18.15-20.30 på Sandnes skule.
Bergensmesterkap i lynsjakk (30.08.09)
Førstkommande onsdag arrangerer Bergens Schakklub lynsjakkturnering i sine lokaler i Hollendergaten 13. Turneringa er open for alle sjakkspelarar.
Ny sjakklubb (26.08.09)
I haust startar det opp ny sjakklubb på Osteriedet. Ostereidet sjakklubb er den første sjakklubben som er registrert i Ungdommens Sjakkforbund i Lindås kommune. Masfjorden Sjakklubb ynskjer den nye klubben velkommen, og vi ser fram til eit tett og godt samarbeid i åra som kjem.
Sesongstart (26.08.09)
Masfjorden SKU startar opp med treningar torsdag 3. september på Sandnes skule. Oppmøte blir som tidlegare klokka 18.15-20.30